Og vi ser det i utviklinga i talet på trygda, folk som heilt eller delvis kunne ha vore i jobb, men som ikkje får sjansen. Dette går for mange ut over både livskvalitet, kjensla av sjølvverd, personleg økonomi og tryggleik for framtida. For samfunnet betyr dette ein uutnytta ressurs, og eit svekka grunnlag for å byggje velferda vår vidare.

Arendalsuka

Statsminister Erna Solberg innleia i går ved opninga av Arendalsuka. Her illustrerte ho denne situasjonen med at dersom vi ikkje får fleire i jobb, må dei som jobbar auke arbeidsveka til 43 timar om vi skal unngå kraftige velferdskutt.

Sjølvsagt er det ikkje eit mål å skrote Arbeidsmiljølova eller tariffregulert arbeidstid, men det er ein solid illustrasjon på utfordringane vi har. Vi kan ikkje lene oss på oljefondet og tru at alt ordnar seg. Vi må utnytte ledig kapasitet i arbeidsmarknaden og vi må få fleire i jobb – heilt eller delvis.

I strupa

I valkampen prøvde Arbeidarpartiet å løfte same sak, men utan å nå fram til veljarane med det. Når Erna Solberg no løftar fram same sak, går LO og delar av opposisjonen i strupa på henne og legg skulda på regjeringa sine skattekutt.

Like lite som oljefondet åleine kan berge velferda vår, like lite kan reversering av regjeringa sine skattekutt dei siste fem åra gjere det. Vel må det vere lov å diskutere kva verkemiddel som er best, men ein bør kunne vere samde om at her gjeld ikkje slagordet om at det enkle er det beste.

Fall

Sysselsettingsgraden har falle kraftig dei siste 20 åra. Ansvaret for det fell på begge partiblokker på Stortinget – og på skiftande regjeringar. Årsaka til fallet er både at vi har tatt oss råd til det og at det er ein krevjande jobb å hindre det.

Fallet i sysselsettingsgraden har flata ut dei seinare åra, men vi har ikkje klart å snu trenden. Det bør vi gå saman om i staden for å slå kvarandre i hovudet med slagord.