Skal vi lukkast, kan det i alle fall ikkje gå glipp av dei beste kandidatane fordi dei har «feil» kjønn. Dessverre er det slik i dag. Altfor få jenter søkjer seg til teknologiutdanningane. Det taper jentene på, og det taper samfunnet på.

Vi skulle kanskje tru at vi i 2018 var komne så langt at kjønn ikkje lenger var avgjerande for karriereval. Det er vi dessverre ikkje. Vi må framleis drive aktiv rekruttering av jenter til teknologiyrka for å få dei beste folka.

300.000 studentar

I desse dagar er rundt 300.000 studentar på veg tilbake til studiekvardagen eller har sine første dagar i høgare utdanning. Denne veka har det vore høgtideleg opning av studieåret både ved Høgskulen i Volda og NTNU i Ålesund.

For andre år på rad vart det i Ålesund arrangert ein eigen velkomstdag for jenter. Målet er at jenter skal knytte kontakt og bli kjende med kvarandre på tvers av studium. Dette er eitt av mange tiltak i NTNU-regi for å få jenter til studieretningar som vanlegvis er svært mannsdominerte.

Teknologifaga heng etter

For trass i at kvinner no er fleirtal både i høgare utdanning og i studieretningar som tidlegare var dominerte av menn, heng teknologifaga etter. Mangel på kunnskap om faga og gamle kjønnsrollemønster er framleis eit hinder for kvinner.

Slike hinder er vi nøydde til å rive ned. Om 20 år vil vi ha fått 30.000 nye jobbar for ingeniørar på grunn av digitaliseringa, hevdar ein ny NHO-rapport. I dag er berre ein av fire IT-studentar kvinner.

Slik kan det sjølvsagt ikkje vere om vi vil verte vinnarar i det teknologiske kappløpet og skape framtidas arbeidsplassar. Vi må få tak i dei beste kandidatane. Det gjer vi ikkje om vi rekrutterer berre frå halve befolkninga.

Det må jobbast aktivt med jenter heilt frå ungdomsskulealderen, slik at også dei ser moglegheitene i desse yrka, og vi må få fram gode rollemodellar og skape nettverk jenter imellom på studiestadane. Vi har ikkje råd til å la vere.