Dessverre er det ikkje alle som gjer det. Kvart år skjer det mange ulykker med born involvert på skulevegen. Heldigvis har det dei siste ti åra vore ei svært positiv utvikling i ulykkestala, men enno er vi ikkje i mål.

Skulen, foreldra, politi og vegeigarar må ta ansvar for å gjere skulevegen endå tryggare. Barna må få god trafikkopplæring, og mange skulevegar treng framleis å rustast opp med fysiske tryggingstiltak. Minst like viktig er det at vi andre tar ekstra omsyn til desse ferske trafikantane.

Svært mange tiltak er gjennomført dei siste tiåra, og dette gir heldigvis positive utslag på ulykkesstatistikken. Dei siste ti åra er talet på ulykker blant barn på veg til og frå skulen kraftig redusert. Det syner ei ny oversikt som Transportøkonomisk institutt har utarbeidd.

For ti år sidan vart over 300 barn offer for ulykker på veg til eller frå skulen, skriv NRK. I 2016 var dette talet under 100. Bak denne utviklinga ligg eit omfattande trafikktryggingsarbeid som både omfattar opplæring av barn, haldningskampanjar og fysiske tryggingstiltak.

Vi skal sjølvsagt glede oss over utviklinga, men like sjølvsagt er at vi ikkje skal slå oss til ro med dette. Av dei 100 barna som vart skadde i ulykker på skuleveg i 2016, vart 11 alvorleg skadde og to omkom. Målet er at talet skal vere null. Og når ei undersøking frå NAF syner at fire av ti foreldre med skulebarn meiner at skulevegen er utrygg, skal vi lytte.

Utrygge foreldre gjer dessverre også sitt til at skulevegen blir utrygg når dei vel å køyre sine barn heilt til skuleporten. Dette er ein vond sirkel som vi må prøve å bryte, men det gjer vi ikkje ved å legge ansvaret på foreldra åleine.

Politiet må vere aktive med synlege kontrollar, og vegeigarane må halde fram med å investere i fysiske tryggingstiltak som gangvegar og trygge kryssingspunkt. Tiltak som tar vare på våre mest sårbare trafikantar, er vel verdt kvar ei krone.