Leiar 23. august om fiskeri:

«Tillit er avgjerande for berekraftig hausting»

Norge har ein omfattande og solid kontroll med fiskeria. Det har vore og er avgjerande for ei forsvarleg hausting av ressursane, men også for vårt truverd som ein leiande fiskerinasjon. Vi kan på ingen måte tole at dette sviktar.

Solid: Norge har betre styring på forvaltninga av fiskeriressursane enn svært mange andre, men det betyr ikkje at vi ikkje kan verte betre. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix  Foto: Kystvakta

Både styresmakter og næringa sjølv forstår at dette handlar om å hauste av sårbare økosystem

Leder

Historia har synt oss kor gale det kan gå om jakta på kortsiktig profitt går føre omsynet til ei berekraftig forvaltning. Kollapsen i sildestammen på siste halvdel av 60-talet er eit skremmande døme. Rovdrifta på det som ein gong var verdas største torskestamme utanfor Canada er eit anna.

Heldigvis har vi lært, og både styresmakter og næringa sjølv forstår at dette handlar om å hauste av sårbare økosystem. Nettopp difor må vi også vere opne for kritikk og undersøkje grundig påstandar om svikt.

I fleire år har det versert påstandar om ei betydeleg underrapportering i det norske torskefisket. Under fiskerimessa Norfishing i Trondheim denne veka presenterte forskarar i Nofima resultatet frå si undersøking av desse påstandane. Dei slår fast at det er eit stort sprik mellom det som blir eksportert og det fiskarane rapporterer at dei har fiska.

Forskarane har enno ikkje slått fast kor stort dette spriket er, men tidlegare er det påstått at det kan vere snakk om fisk til ein verdi på mellom 800 millionar kroner og 1,5 milliardar. Om dette skulle vise seg å vere korrekt, er det svært alvorleg. Ikkje berre kan dette representere eit betydeleg overfiske, men det rokkar også ved tilliten til forvaltninga.

Norge har råderetten over nokre av verdas rikaste havområde, og fiskerisektoren er ein av våre viktigaste næringar. Tillit er ein avgjerande byggestein i forvaltninga av desse ressursane. Held ikkje vi orden på vårt bu, er vi ingen truverdig forhandlingsmotpart for andre nasjonar.

Næringa er også avhengig av alle har tillit til at alle aktørar blir likebehandla og held seg innanfor regelverket. Om det på nokon måte kan stillast spørsmål med handhevinga av regelverket og måten vi forvaltar fisken vår på, set vi store verdiar på spel. Vi kan korkje leve med omfattande juks eller påstandar om omfattande juks. Det er difor avgjerande at vi får fram pålitelege fakta i denne saka.