Når no ordførarar frå søre og nordre Sunnmøre ryk i hop med trugsmål i ein debatt om finansieringa av Nordøyvegen, er det ingen som tener på det. Ein sterk region kan ikkje byggjast med vegar åleine, utan samhald og samarbeid.

Mange er uroa over lagnaden til Nordøyvegen. Anbodsopninga vart eit sjokk for mange. Arbeidet med å finne ut korleis ein skal dekkje inn kostnadssprekken går no føre seg for fullt. Utviding av bompengeperioden til 40 år og 200 nye millionar frå nye Ålesund kommune er blant løysingsforslaga.

Nordøyvegen AS kjem med si løysing i august. Fylkesrådmannen i Møre og Romsdal vil bruke meir tid. Om – og eventuelt korleis, kostnadssprekken vil ramme fylkeskommunen sin økonomi, har vi altså ikkje endeleg svar på.

På eit ordførarmøte i Ørsta i førre veke var fleire av ordførarane urolege for at kostnadssprekken kunne råke viktige prosjekt i deira region. Ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda hevda at usikkerheita legg hindringar for utviklinga i fylket.

Dette har fått partikollega og ordførar i Sandøy, Oddvar Myklebust, til å tenne på alle pluggar. I ein krass e-post der han seier han snakkar på vegner av nye Ålesund kommune, kallar han synspunkta frå sør for egoisme, og trugar med at Ålesund kan kome til å droppe støtte til Volda sjukehus.

Vi må sjølvsagt tole ein frisk debatt. Nordøyvegen bør vere eit så solid prosjekt at det står støtt også i møte med kritiske spørsmål. Det kan umogeleg stå så skralt til at kritikk og skepsis ikkje kan møtast med saklege argument og fakta. Så må ein også krevje at kritikarar lar seg opplyse med fakta.

Ein kan godt forstå at Myklebust er frustrert over at ordførarar som no haustar effekten av Eiksundsambandet og Kvivsvegen, ikkje syner meir forståing. Men Myklebust bør også spørje seg sjølv om kva ein vinn med å blande sjukehusdebatten inn. Ordførarar som vil binde regionen saman med bruer, bør vakte seg for å splitte den med ord.