Dei siste vekene har Ålesundsregionen vore prega av festivalar. Jugendfest, med artistar som Aha, Sigrid og Cezinando, samla tusenvis av menneske til stadionkonsert, og før helga var det Den Norske Matfestivalen som skapte liv og god stemning i sentrum.

Det er interessant at ringverknadsanalysen av Jugendfest, som vart omtalt i Sunnmørsposten sist fredag, viser at festivalen har særleg stor betydning for kvinner. For enkelte er verdien av å bu i ein by med festival, nesten like viktig som inntekt. Det viser at eit rikt kulturtilbod kan vere avgjerande.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har størst underskot på unge kvinner, og dette har vore eit stort problem i år etter år. Mange er uroa over kva konsekvensar dette kan få for samfunnsutviklinga. Møre og Romsdal ligg også på jumboplass når det gjeld sysselsette med meir enn fire års utdanning. Sidan kvinner i gjennomsnitt har lengre utdanning enn menn, er det all grunn til å sjå desse statistikkane i samanheng.