«Festivalar gjer regionen meir attraktiv for kvinner»

Festivalstemning: Undersøking viser at festivalar skaper positive ringverknadar, både økonomisk og levekårsmessig.   Foto: Marius Simensen

Kvinner er dei ivrigaste kulturbrukarane

Leder

Dei siste vekene har Ålesundsregionen vore prega av festivalar. Jugendfest, med artistar som Aha, Sigrid og Cezinando, samla tusenvis av menneske til stadionkonsert, og før helga var det Den Norske Matfestivalen som skapte liv og god stemning i sentrum.

Ein analyse gjennomført av to masterstudentar ved NTNU i Ålesund viser at festivalar gir både økonomiske og levekårsmessige ringverknadar. Jugendfest åleine genererte nesten 18 millionar kroner til næringslivet i Ålesund i fjor, og i tillegg kjem ei rekkje andre festivalar. Analysen stadfestar tilsvarande undersøkingar i andre byar. Festivalnettverket i Trondheim rekna på den økonomiske effekten av ti kulturfestivalar i Trondheim i 2016. Dei kom fram til at ein gjennomsnittleg festivaldeltakar la igjen rundt 3.000 kroner i byen per festival, og då var billettinntektene ikkje tatt med. I tillegg til den økonomiske gevinsten for butikkar, hotell, frisør, taxi og restaurantar, er gode festivalar også med på å gjere byar og regionar meir attraktive.

Sigrid: Terningkast 6

Total hjemmeseier på Color Line Stadion fredag kveld!

For en hjemkomst, for en artist, for noen låter og for en mottakelse. Full pott!

Konsertanmeldelse: – Jada, vi gråt i regnet, A-ha. Men ikke av tristhet!

Etter en litt svak start kjørte A-ha knallhardt til på oppløpssiden og fikk Jugendfest til å koke


Det er interessant at ringverknadsanalysen av Jugendfest, som vart omtalt i Sunnmørsposten sist fredag, viser at festivalen har særleg stor betydning for kvinner. For enkelte er verdien av å bu i ein by med festival, nesten like viktig som inntekt. Det viser at eit rikt kulturtilbod kan vere avgjerande.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har størst underskot på unge kvinner, og dette har vore eit stort problem i år etter år. Mange er uroa over kva konsekvensar dette kan få for samfunnsutviklinga. Møre og Romsdal ligg også på jumboplass når det gjeld sysselsette med meir enn fire års utdanning. Sidan kvinner i gjennomsnitt har lengre utdanning enn menn, er det all grunn til å sjå desse statistikkane i samanheng.

Ålesundregionen er inne i ei positiv utvikling, og det er mange årsaker til det. Eit meir allsidig kulturtilbod har utvilsamt bidratt. Kvinner er dei ivrigaste kulturbrukarane, uansett alder. Støtte til festivalar og andre kulturaktivitetar kan derfor vise seg å bli ei svært lønsam investering, både for kommune, fylke og næringsliv.

Jugendfest i bilder

Guetta gjorde at publikum gikk av hengslene.