På sin siste dag på jobben som landbruksminister kunne Jon Georg Dale (Frp) leggje fram ein krisepakke forhandla fram med landbruksorganisasjonane. 300 friske millionar og 225 millionar omdisponert innan jordbruksavtalen er resultatet.

No veit kriseråka bønder kva dei har å halde seg til. No blir det viktig å setje fortgang i sakshandsaming og utbetaling. Det er avgjerande for dei som i desse dagar skal ta viktige avgjerder om vidare drift.

Allereie midt i førre månad opna landbruksministeren for å reforhandle jordbruksoppgjeret, etter først å ha signalisert at alle krisekroner måtte kome ved omfordeling innan landbruksavtalen. No har han likevel lagt friske millionar i potten. Dette kjem på toppen av ordinær avlingsskadeerstatning.

Så langt ser det ut til å passere 1,1 milliardar kroner. Totalt kan altså over 1,6 krisemilliardar kome til å risle over bønder som står i ein svært vanskeleg situasjon etter den verste tørkesommaren sidan 1947.

Dette er slett ikkje nok til at bøndene som er hardt råka vil kome skadeslause frå tørkesommaren, men det vil vere ei hjelp for mange til å kome seg over den verste kneiken. Bøndene er vane med å leve med svingingar i avlingane, og må sjølve vere rusta til å leve med normale variasjonar.

Dale stiller fredag på Slottsplassen saman med Erna Solberg. Han blir då presentert som ny samferdsleminister etter Ketil Solvik-Olsen, nær fem år etter at han gjekk inn i regjeringsapparatet som statssekretær i Samferdselsdepartementet under nettopp Solvik-Olsen.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.