Domstolane må stramme spareskruen på nytt, og vurderer no tiltak som kan auke takta i nedbemanninga neste år. Igjen åtvarar direktøren for Domstoladministrasjonen, skodjebygdaren Sven Marius Urke, om konsekvensane.

Resultatet av ei nedbemanning som går raskare enn tiltak som kan effektivisere sakshandsaminga vil bli lengre sakshandsamingstid. Ein konsekvens av dette er at fleire domfelte enn i dag vil få strafferabatt på grunn av lang ventetid.

Ei slik utvikling bør vi ikkje tolerere. Kutta går ut over både omsynet til rettferd for ofre for brotsverk, rettstryggleik og tillit til rettsvesenet.

Sjølvsagt må også norske domstolar ta i bruk ny teknologi og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta si. Dette er då også tanken bak regjeringa si effektiviseringsreform, ei reform som blant anna inneber at delar av staten som er finansiert over statsbudsjettet har fått eit flatt kutt.

Dette er ein av dei enklaste måtane å styre ein effektiviseringsprosess på: Stramme inn rammene, og la det vere opp til den enkelte etat å finne måten å effektivisere på. Ideelt sett burde også domstolane klare å ta desse kutta utan at det gjekk ut over drifta og viktige samfunnsfunksjonar.

Det klarer dei altså ikkje. Det betyr ikkje at dei ikkje prøver. Mellom anna er der prosjekt på gang for å innføre meir digital sakshandsaming. Problemet er at det tar tid å utprøve og innføre dei nye systema, og dermed lar også effektiviseringsgevinsten vente på seg. Alternativet som då står att er å kutte årsverk som direkte råkar kapasiteten.

Urke ber i eit intervju med Klassekampen om at domstolane blir skjerma for kutt, slik at dei i staden kan ha pengar til å investere i effektiviseringstiltak. Han meiner at måten kutta skjer på i dag tek frå dei både handlingskrafta og innovasjonskrafta, og at kutta ikkje er effektiviserande i det heile.

Det er god grunn til å lytte til den bøna. Ein bør vere langt meir oppteken av konsekvensen kutta har for domstolane si viktige samfunnsoppgåve enn for botnlina. Når ein medisin ikkje verkar, eller til og med har alvorlege biverknadar, er det på tide å prøve ein annan kur.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!