Botnen ser ut til å vere nådd, og den maritime klynga i nordvest ser ut til å stå på terskelen til ein ny opptur. Krisa har vore tøff og ikkje alle har kome seg skadefri gjennom, men det er teikn til at vi totalt sett kan kome oss styrka ut.

For vår region er det godt nytt. Ingen annan region i Norge er så tett knytt til og så avhengige av den maritime industrien. Styrken til denne næringa er avgjerande for utviklingskrafta og slagkrafta til kyststripa vår.

Torsdag la Menon fram si årlege analyse av den maritime klynga på klyngekonferansen for 2018 i Ålesund. For første gong sidan oljekrisa trefte oss med eit brak for fire år sidan, er årets analyse av det optimistiske slaget.

Men vi kjem neppe attende til det som var. Særleg har offshore-reiarlaga tapt både kapital og posisjon i klynga. Regionen sin nasjonale posisjon i shipping er sterkt svekka etter at både Farstad og Rem vart overteke av SolstadFarstad.

Det speglar seg også i verfta sine ordreservar. Der offshore for kort tid sidan fylte nesten heile ordreboka, utgjer dette no mindre enn ti prosent. Det speglar både korleis krisa har råka, men også ei formidabel evne til omstilling.

I ei krise tvingar omstilling seg fram. Det er sjølvsagt ikkje smertefritt for nokon. Det har det heller ikkje vore i maritim næring etter store tap og kraftige kostnads- og bemanningskutt. Men mange har også investert tungt i produktivitetsforbedrande tiltak og fått fleire bein å stå på. Det har vore naudsynt, og vil betale seg etter kvart.

Ingen ynskjer seg kriser, korkje i eige liv eller i næringslivet. Likevel er det dei færraste av oss som kan rekne med å styre heilt unna, og kriser kan også bidra til naudsynt fornying og ny knoppskyting. Målet på styrke er ikkje korleis vi manøvrerer i oppturane, men korleis vi klarer å takle vanskelege kriser. Slik det teiknar no er det godt håp om at vi kan kome styrka ut av krisa.