Leder tirsdag 2.oktober:

«Viktig å stramme vernet om matjorda»

Matjord må sjåast på som ein ikkje fornybar, avgrensa ressurs.

UNDER PRESS: Nedbygging av verdifullt landbruksareal er redusert dei seinare åra, men framleis treng vi tiltak som gir sterkare vern av denne ressursen.  Foto: Knut Arne Aarset

Nye og stadig breiare vegar, bustadar og næringsområde treng meir og meir areal

Leder

Matjord som blir omdisponert til slikt som vegar, industriområde eller bustadar må vi rekne som tapt for alltid. Difor må vern av matjorda ha høg prioritet.

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp) ber no fylkesmennene om å bidra, slik at jordvern får ein sterkare og tydelegare plass i kommunane si planlegging. Dette kjem samstundes med at jordvern og jordvernstrategien blir styrka i samband med framlegginga av statsbudsjettet.

Då den nasjonale jordvernstrategien vart vedteken for snart tre år sidan, sette Stortinget som mål at den årlege omdisponeringa av fulldyrka jord skulle kome under 4.000 dekar innan 2020.

Vi er heldigvis på veg til å nå det målet.

I fjor vart det omdisponert 4025 dekar dyrkamark til andre formål.

Dette er det lågaste talet sidan registreringane starta i 1976. Inkluderer vi dyrkbar jord i denne oversikta, er derimot talet meir enn det doble. Sjølv om det er den fulldyrka jorda som må reknast som mest verdifull, er omdisponering av dyrkbar jord også eit stort tap.

Presset på jordbruksareala er framleis stort. Nye og stadig breiare vegar, bustadar og næringsområde treng meir og meir areal. Størst press på denne ressursen er det i sentrale strøk.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det er i akkurat desse strøka vi også finn den beste og mest produktive matjorda.

Når næringsinteresser pressar på, og belønninga er sårt tiltrengte arbeidsplassar, kan det vere lett for lokale politikarar å flytte omsynet til jordvern bak i køen.

Landbruksministeren pålegg no fylkesmennene å verte endå strengare i si overvaking av kommunale planprosessar for å unngå dette.

Dette vil heilt sikkert i enkeltsaker bli oppfatta som utidig statleg innblanding frå firkanta byråkratar. Likevel er dette eit heilt naudsynt tiltak for å verne ein nasjonal ressurs.

Vi må sikre ei meir heilskapleg forvaltning av denne ressursen, og heile tida sjå etter alternativ arealbruk.

Nedbygging av verdifull dyrkamark bør vere siste utveg etter kritisk vurdering av konsekvensar og samfunnsnytte.

Matjord som går tapt i dag, vil vi først kunne få attende etter ei ny istid.