Det er no 20 år sidan stiftinga og den fyrste førestillinga Flaggermusen fylde opp storsalen på Fjordane Folkehøg­skule. Historia derifrå og fram til i dag handlar om eldsjeler, om kompetanse og om dugnadsånd.

At kunstforma opera skulle slå rot i eit relativt lite samfunn som Nordfjordeid var definitivt ikkje sjølvklart. At familien Pavelich valde slå seg ned der i staden for å satse på eigne operakarrierer langt utanfor våre landegrenser, er ein openberr årsak til det. Du kan kome langt med dugnadsånd og god vilje, men å få ein opera opp å stå krev kompetanse og nettverk innan faget. Det har Kari og Michael Pavelich tilført. At dei blir heidra for det er på sin plass.

Men Nordfjordeid er i dag meir enn opera. Det har vakse fram eit musikkmiljø som vekk oppsikt nasjonalt. Malakoff Rockfestival blei i år arrangert for 16. gong. Den starta som ei elevbedrift ved Eid vidaregåande skule, til at festivalen dei siste åra har hatt meir enn 20.000 besøkande.

Det er grunn til å rose korleis Nordfjordeid har lykkast med å bruke kultur, ikkje berre til å skape store opplevingar, men til å profilera heile Nordfjord-regionen. Dette har betydning langt utanfor kulturlivet i seg sjølv. Det er med og løftar attraktiviteten til ein heil region både i forhold til å få nye bedrifter til å etablere seg der, og for å trekkje til seg kompetanse.

Venstre-ordførar Alfred Bjørlo har klart å bli ei viktig stemme i debatten om sentralisering og styresmaktene si motvilje mot å flytte offentlege kompetansearbeidsplassar ut frå dei store byane. Han har blitt den stemma mellom anna fordi han sit som ordførar i ei kommune som har bevist at det er mogeleg å skape store ting på små plassar.

Slik har ein opera påverka ein heil region.

Nordfjordeid har vist at ein kan skape store ting på små plassar