Leiar, 5. oktober:

«Ein arie for Nordfjord»

Operasjef Kari Standal Pavelich og kunstnarisk leiar ved Opera Nordfjord, Michael Pavelich, blei torsdag tildelt Kongens Fortenestemedalje. Operaen på Nordfjordeid er ei eventyrleg historie som til fulle fortener ei utmerking.

Heidra: Kari Standal Pavelich er operasjef og Michael Pavelich kunstnarleg leiar i Opera Nordfjord. Torsdag blei dei tildelt Kongens Fortenestemedalje. Foto: Opera Nordfjord/Øystein Torheim  Foto: innsendt

Leder

Det er no 20 år sidan stiftinga og den fyrste førestillinga Flaggermusen fylde opp storsalen på Fjordane Folkehøg­skule. Historia derifrå og fram til i dag handlar om eldsjeler, om kompetanse og om dugnadsånd.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo skriv på si eiga Facebook-side at av og til skjer det noko som for alltid endrar eit lokalsamfunn. For Nordfjordeid var operaen ei slik hending. I dag har dei sitt eige operahus som tilbyr barn, unge og vaksne aktivitetar året rundt.

Heidra for stor innsats med opera

Operaparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich er tildelt Kongens Fortjenstmedalje.


At kunstforma opera skulle slå rot i eit relativt lite samfunn som Nordfjordeid var definitivt ikkje sjølvklart. At familien Pavelich valde slå seg ned der i staden for å satse på eigne operakarrierer langt utanfor våre landegrenser, er ein openberr årsak til det. Du kan kome langt med dugnadsånd og god vilje, men å få ein opera opp å stå krev kompetanse og nettverk innan faget. Det har Kari og Michael Pavelich tilført. At dei blir heidra for det er på sin plass.

Men Nordfjordeid er i dag meir enn opera. Det har vakse fram eit musikkmiljø som vekk oppsikt nasjonalt. Malakoff Rockfestival blei i år arrangert for 16. gong. Den starta som ei elevbedrift ved Eid vidaregåande skule, til at festivalen dei siste åra har hatt meir enn 20.000 besøkande.

Det er grunn til å rose korleis Nordfjordeid har lykkast med å bruke kultur, ikkje berre til å skape store opplevingar, men til å profilera heile Nordfjord-regionen. Dette har betydning langt utanfor kulturlivet i seg sjølv. Det er med og løftar attraktiviteten til ein heil region både i forhold til å få nye bedrifter til å etablere seg der, og for å trekkje til seg kompetanse.

Venstre-ordførar Alfred Bjørlo har klart å bli ei viktig stemme i debatten om sentralisering og styresmaktene si motvilje mot å flytte offentlege kompetansearbeidsplassar ut frå dei store byane. Han har blitt den stemma mellom anna fordi han sit som ordførar i ei kommune som har bevist at det er mogeleg å skape store ting på små plassar.

Slik har ein opera påverka ein heil region.

Nordfjordeid har vist at ein kan skape store ting på små plassar