Det er godt krydra med godbitar som skal lokke partiet med til vidare borgarleg samarbeid.

For denne budsjetthausten blir dette det store spørsmålet.

Det vil ikkje handle om kor stramt budsjettet er eller kor grøn profil det har.

Denne hausten vil kampen om Kristeleg Folkeparti sitt vegval for framtidig regjeringssamarbeid overskygge dei fleste budsjettspørsmål.

Både framlegget til budsjett og debatten dei komande vekene vil difor ha stor vekt på saker som er avgjerande for om Knut Arild Hareide (KrF) kan få med seg partiet på sitt frieri til Arbeidarpartiet.

Den største godbiten på KrF-menyen er 37,8 milliardar til bistand.

Med dette vil målet om ein prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) vere nådd.

Det ligg også inne eit betydeleg løft på familieøkonomi, mellom anna 181 millionar til tiltak mot barnefattigdom, gratis kjernetid i barnehage for lavinntektsfamiliar, meir til kampen mot mobbing og styrka bustøtteordning.

Familiepolitikk er ei av KrF sine viktigaste hjartesaker, og Erna Solberg har også vore tydeleg på at partiet har fått store gjennomslag her dei siste fem åra.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Eitt av dei er vidareføring og styrking av kontantstøtta, eit tiltak det er stor motstand mot mellom anna i SV og Arbeidarpartiet.

Først etter det ekstraordinære landsmøtet i KrF fredag 2. november får vi vite kva side partiet landar på.

I nesten fire veker vil altså debatten om statsbudsjettet måtte «gå på tomgang» utan at det kan førast reelle forhandlingar.

Måndag er det heilt ope kva konklusjonen vil bli, men med dagens budsjettframlegg har Erna Solberg gjort døra høg og porten vid for vidare samarbeid på borgarleg side.

Her er det ikkje lagt ut mange snubletrådar for Kristeleg Folkeparti.

Det styrkar dei i partiet som framleis vil sitje i Erna sitt fang.