For det er ikkje slik at det ikkje er gjort forsøk med sekstimarsdagen. Slike forsøk er gjort både i Norge og andre land, mellom anna i Sverige. Rett nok er det ikkje snakk om mange forsøk, men vi har eit grunnlag for å trekkje konklusjonar.

Felles for forsøka er at dei ikkje har gitt dei resultata ein ville oppnå, slik som betre helse, auka produktivitet, lågare sjukefråvær og betre økonomi. Det einaste klare positive har vore at dei tilsette stort sett var nøgde med å få meir fritid.

Framlegget om statleg finansierte forsøksordningar kom i går frå eit utval i Arbeidarpartiet, men vart rimeleg kontant avvist av statsministeren i Stortinget. Ho synte til forsøk som har synt at dette ikkje har gitt auka effektivitet.

For det er ein av mytane; at når vi jobbar kortare dagar, så får vi gjort meir på kortare tid. Og går vi til historia, finn vi sjølvsagt støtte for at produktiviteten har gått opp parallelt med at arbeidstida har blitt kortare.

Problemet er at årsakssamanhengen her er syltynn. Det er andre tiltak som har gjort at produktiviteten har gått opp, slik som ny teknologi, betre samferdsle osv. Slik har vi fått råd til kortare arbeidstid utan å tape velstand, ikkje motsett.

Kortare arbeidstid løyser altså få av dei utfordringane vi trur det skal gjere. Den einaste sikre effekten av å innføre kortare arbeidstid, det er at vi får meir fritid. Er det målet, kan vi sjølvsagt velje sekstimarsdagen.

Då bør vi, slik som MDG, vere ærlege på at det vil gå ut over velstanden vår. Motsett kan vi auke produktiviteten og ta ut kortare arbeidsdag som ein gevinst av dette i staden for å ta ut meir i forbruk og til velferdsgode.

Er det betre helse, auka effektivitet, betre produktivitet, styrka likestilling, større arbeidsdeltaking og liknande vi er ute etter, bør vi heller leite etter og nytte tiltak som har effekt på dette. Effekten sekstimarsdagen har på dette er marginal i høve til kva kostnadar tiltaket har.