Ikkje langt unna halvparten av kyrkjene i Norge har problem med fukt og ròte, syner ein tilstandsrapport frå Arbeidsgiverorganisasjonen for kirkelige virksomheter (KA).

Og verre kan det bli. Klimaendringane gjer at arbeidet med å styrke vedlikehaldet av norske kyrkjer må intensiverast. Det hastar. For kvart år vedlikehaldet blir forsømt, aukar vedlikehaldsetterslepet.

Hovudansvaret ligg til norske kommunepolitikarar. Det er i kvart enkelt kommunestyre kampen mot forfallet på kyrkjebygga står. For kvart år vedlikehald av kyrkjene taper i den lokale budsjettkampen, aukar faren for at uerstattelege nasjonale kulturminne går tapt.

Lite anna er dårlegare bruk av offentlege midlar enn å spare ved å utsetje vedlikehald. Det representerer ein kortsiktig tankegang. For det første skubbar ein berre kostnaden framføre seg, slik at det framtidige løftet til vedlikehald berre blir endå tyngre. For det andre risikerer ein å redusere levetida på bygg og anlegg, slik at

Dessutan risikerer ein redusert levetid på objekta som blir forsømte, slik at framtidige nyinvesteringar må takast tidlegare. Trass dette ser vi at dette stadig vekk blir gjort. Vedlikehald har ein tendens til å tape i budsjettkampen om opp mot løpande driftskostnadar og investeringar i nybygg.

Det gjeld ikkje berre kyrkjebygg. Situasjonen har i lang tid vore den same når det gjeld skular og andre offentlege bygg, samt både statlege, kommunale og fylkeskommunale vegar. Først dei seinare åra har til dømes vedlikehaldsetterslepet på statlege vegar krympa, medan det veks for andre vegar.

Kyrkjene er ikkje samfunnskritisk infrastruktur, men det betyr ikkje at vi kan bruke kyrkjevedlikehaldet som salderingspost. Dette handlar om meir enn økonomi. Nær 1.000 av dei 1.633 kyrkjene i Norge er freda eller verneverdige.

Når ytterveggane i kvar tredje kyrkje er dårlege, er det altså ein viktig del av den norske kulturarven som rotnar vekk. Slik forvaltning av vår felles arv kan vi ikkje tillate oss.