Framskrivinga av folketalsutviklinga i den ferske fylkesstatistikken som vart lagt fram for fylkestinget i går, er nemleg ikkje lysteleg lesing. Møre og Romsdal er eitt av fylka som kjem dårlegast ut dei komande ti åra.

Berre Sogn og Fjordane, Telemark og dei tre nordlegaste fylka hamnar under Møre og Romsdal på tabellen. I kampen mot «nedrykk» er det imidlertid dei minste kommunane i fylket som slit hardast. Dei kjempar på fleire frontar.

Ikkje berre har dei minste kommunane større utflytting enn gjennomsnittet, men dei taper også i konkurransen om tilbakeflyttarane. Det er dei bynære kommunane som lokkar dei til seg. Resultatet blir at storparten av dei minste kommunane får folketalsnedgang og ei aldrande befolkning.

Vinnarane internt i fylket er byane, med Ålesund-regionen heilt i topp. Ser vi 20 år fram i tid, kan nye Ålesund saman med Giske og Sula kome til å ta meir enn halvparten av den totale folketalsveksten i fylket.

Resultatet for dei minste kommunane blir at dei kan få enorme problem med å finansiere tenestetilbodet sitt. Difor er det viktig at vi i det minste klarer å bremse denne utviklinga, men det kan vi berre gjere saman.

Svaret på denne utfordringa er nemleg ikkje å bremse byane sin vekst. Det er ikkje Ålesund eller Molde som er konkurrenten. Flyttestraumen går ikkje frå småkommunane i utkantane og til byane i fylket. Den går ut av fylket. Men dei einaste som med ei viss kraft kan lokke folk tilbake er byane, med Ålesund som den viktigaste magneten.

Skal vi som region vinne kampen mot sentraliseringa, må vi saman satse på å utvikle Ålesund som ein landsdelsby. Dit er det enno eit langt stykke fram. Skal vi kome dit må Ålesund klare å ta rolla som sentrum for meir enn delar av eit fogderi. Det må satsast langt sterkare på samferdsel, utvikle urbane kvalitetar, utdanning og kompetansearbeidsplassar.