Det har politikarane på Sunnmøre klart å samle seg om, og det har også hatt brei støtte tidlegare blant fylkespolitikarane. Seinast i ein felles uttale om årets statsbudsjett stod fylkespolitikarane også samla bak eit krav om å få prosjektmidlar til eit nytt fengsel på Sunnmøre.

No set derimot ordførar Torgeir Dahl (H) i Molde seg på bakbeina. Då fylkesutvalet drøfta eit framlegg til uttale om statsbudsjettet, nekta han å stille seg bak støtte til nytt fengsel på Sunnmøre. Det skadar regionen sine interesser.

Planane om nytt fengsel på Sunnmøre har tidlegare vore med i statsbudsjettet, men utan løyving. Så vart Sunnmøre forbikøyrd av nytt fengsel i Agder, eit fengsel som no er under bygging, og skal stå ferdig i 2020.

Kriminalomsorg vest har derimot framleis nytt fengsel på Sunnmøre på topp på si prioriteringsliste over nybygg. Status no er at det pågår ei utgreiing. Denne er venta ferdig i april neste år, og er eit viktig steg vidare mot å kome inn med løyving på statsbudsjettet.

I mellomtida er det viktig at lokale politikarar held oppe trykket, slik at vi ikkje igjen får oppleve at andre prosjekt rykker fram i køen. Sjølv om ny teknologi og nye soningsformer har bidratt til å korte soningskøen, er det framleis stort behov for desse fengselsplassane. Dette er ingen konkurrent til fengselet på Hustad, slik Dahl hevdar og fryktar.

Til å kome frå ein politikar som så ofte klart har åtvara mot øydeleggande fogderikampar, er ei slik kuvending – basert på udokumenterte påstandar og reine spekulasjonar, svært oppsiktsvekkande.

Dette utfordrar samhaldet som bør prege det politiske arbeidet i fylket. Om to veker er det nytt møte i fylkesutvalet. Det møtet bør politikarane nytte til å rette opp i denne fadesen. Kan ein ikkje samla støtte i enkeltsaker fordi dei er på feil side av fogderigrensa, vil fylket heile tida kome til kort.