Ei slik rekning bør ikkje berre lempast over på ferjefylka, fylke som allereie har store utfordringar med ei underfinansiert ferjedrift, og gjerne også eit krevjande etterslep på finansieringa av vedlikehald på vegar og tunnelar.

Overgangen til ein meir miljøvennleg skipsfart er i full gang. Bilferja «Ampere» var den første elektriske ferja, og har no i fleire år trafikkert Sognefjorden. Sidan den vart sett i drift er det planlagt og inngått kontraktar på eit stort tal null- og lavutsleppsferjer langs heile kysten.

Men overgangen kostar, også i form av nye ferjekaier, ladestasjonar og framføring av straum. På toppen av dette kjem nye krav til kapasitet og frekvens i ferjedrifta for å styrke transporttilbodet og møte auka trafikk. For dei store ferjefylka er det til saman snakk om store kostnader.

Klimaskeptikarane er få, og det er etter kvart lite debatt om behovet for å kutte i utslepp av CO2 og andre klimagassar. Det er også stor semje om at overgangen til grøn teknologi i skipsfarten er kraftfull klimapolitikk.