Tiltaka som skal finansierast med aksjonspengane kan delast inn i tre hovudbolkar: Akutthjelp, kvardagshjelp og integrering. Den akutte hjelpa går til heimlause som har behov for å få dekka grunnleggande behov, som mat, søvn, sanitærtilbod og helsehjelp, uavhengig av status. Kvardagshjelpa handlar om å gi menneske ei arbeidsrytme og ein god grunn til å stå opp om morgonen. Kirkens Bymisjon driv kafear, arbeidsplassar og aktivitetstilbod for personar som har falle utanfor. Det tredje hovudtiltaket handlar om å gi nye innvandrar høve til å kome inn i gode fellesskap, der dei kan lære seg norsk, få kjennskap til det norske samfunnet og bli ein ressurs i sitt nærmiljø.

Oransje skjerf er hengt opp i mange byar som ei påminning om at vi alle kan gjere ein innsats for andre, også etter at TV-aksjonen er over. Pengar er viktig for å kunne gjennomføre tiltak, men pengar er ikkje nok. Inkludering handlar også om haldningar, om vilje til gjestfridom og om å bry seg om andre i praksis.