Leder

«Stordugnad for eit meir inkluderande samfunn»

TV-aksjon: Også løva utanfor Stortinget hadde fått oransje skjerf, som eit symbol på formålet med aksjonen; å skape eit varmare samfunn.   Foto: NTB Scanpix

Mange menneske opplever at dei står på utsida av samfunnet

Leder

Søndag gjekk tusenvis av bøsseberar frå dør til dør for å samle inn pengar til Kirkens Bymisjon. TV-aksjonen blir kalla verdas største dugnad, og i år var mottoet «Mindre alene sammen». Pengane som kom inn skal brukast på tiltak som kan skape gode og meir inkluderande fellesskap. Det er eit viktig formål, for mange menneske opplever at dei står på utsida av samfunnet. Nokon manglar mat, eller ei seng for natta. Ein av tre opplever einsemd. Rus, psykiske vanskar, prestasjonsangst, mobbing og fattigdom er døme på forhold som kan skape utanforskap. Målet til Kirkens Bymisjon er at alle menneske, uansett religiøs og kulturell bakgrunn, livssituasjon, legning eller livssyn, skal få oppleve respekt, rettferd og omsorg.

Fylkesaksjonsleiaren om TV-aksjonen i Møre og Romsdal:

- Ei fantastisk givarglede. Tusen, tusen takk!

Linn Therese Sævik, aksjonsleiar for TV-aksjonen i Møre og Romsdal, er strålande fornøgd med årets resultat.


Tiltaka som skal finansierast med aksjonspengane kan delast inn i tre hovudbolkar: Akutthjelp, kvardagshjelp og integrering. Den akutte hjelpa går til heimlause som har behov for å få dekka grunnleggande behov, som mat, søvn, sanitærtilbod og helsehjelp, uavhengig av status. Kvardagshjelpa handlar om å gi menneske ei arbeidsrytme og ein god grunn til å stå opp om morgonen. Kirkens Bymisjon driv kafear, arbeidsplassar og aktivitetstilbod for personar som har falle utanfor. Det tredje hovudtiltaket handlar om å gi nye innvandrar høve til å kome inn i gode fellesskap, der dei kan lære seg norsk, få kjennskap til det norske samfunnet og bli ein ressurs i sitt nærmiljø.

Kirkens Bymisjon har arbeid i meir enn 30 byar i Norge, og etablerte seg i Ålesund i 2013. Planen er at bymisjonssenteret, som skal halde til i den tidlegare Metodistkirka i sentrum, skal opnast før jul. Midlar frå TV-aksjonen, som skal brukast for å skape gode møte mellom menneske, vil såleis også kome innbyggarar på Sunnmøre til gode.

TV-aksjonen samlet inn over 239 millioner

Ved midnatt natt til mandag hadde årets TV-aksjon på NRK fått inn 239 millioner kroner. Svalbard var kommunen som ga mest per innbygger.


Oransje skjerf er hengt opp i mange byar som ei påminning om at vi alle kan gjere ein innsats for andre, også etter at TV-aksjonen er over. Pengar er viktig for å kunne gjennomføre tiltak, men pengar er ikkje nok. Inkludering handlar også om haldningar, om vilje til gjestfridom og om å bry seg om andre i praksis.