«Fortgang i vegprosjekt krev forenkla lovkrav»

Lang tid: Kvivsvegen vart opna i 2012, 13 år etter Stortinget sitt vedtak om å leggje vegen i tunnel under Kviven. Men allereie 80 år før det låg dei første offentlege planane føre.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Skal ein verkeleg få ned planleggingstida, må ein lempe på lovkrava

Leder

Kjempar du eller ventar du på ny veg, bør du vere av det tolmodige slaget. For større vegprosjekt tar det gjerne tiår før det kjem så langt som at det første spadetak vert teke. Lang tid til planlegging er ei vesentleg årsak til dette.

Regjeringa har sett seg høge mål for å få ned tidsbruken på planarbeidet. Planen var å halvere denne tida, men det vart med planen. Riksrevisjonen slår i ein ny rapport fast at tida til planlegging er om lag like lang no som før.

Riksrevisjonen: Mindre kommunal innflytelse vil gi nye veier raskere

Riksrevisjonen har funnet at det vil gi størst effekt å redusere kommunenes innflytelse, om landet ønsker raskere planlegging av nye veier og baner.


Og denne regjeringa er ikkje åleine om forsøke å effektivisere. Jens Stoltenberg (Ap) gjekk høgt ut då det for sju år sidan vart dokumentert at planarbeidet på større prosjekt var på nær ti år. Dette var i 2011, men framleis er planprosessen ei seig smørje.

Ei viktig årsak til at det tar tid å få vegprosjekt gjennom den byråkratiske mølla, er strenge lovkrav prosessen. Planane skal gjennom fleire steg med utgreiing og kvalitetssikring, og mange interesser og forvaltningsnivå skal seie sitt.

Sjølvsagt kan der vere meir å hente på å straumlineforme saksgangen, setje klarare fristar og ta i bruk nye, digitale løysingar. Men dette løyser ikkje den verkelege floken, regelverket som skal vareta viktige offentlege og private omsyn.

Naboar, grunneigarar, kommunar og næringsinteresser har krav på å bli høyrde og teke omsyn til. Det same gjeld miljøinteresser, og vi alle har fordel av at kvaliteten i utgreiinga sikrar oss at vi vel det beste tilbodet og har ein forsvarleg og fornuftig bruk av skattepengane.

Ynsket om å gjere saksgangen meir effektiv strandar altså ikkje på treige byråkratar, men på krav som politikarane sjølv har sett. Skal ein verkeleg få ned planleggingstida, må ein lempe på lovkrava. Elles er det lite håp om vesentleg effektivisering, og langt unna å halvere tida.

Riksrevisoren foreslår å forenkle plansystemet og sørge for betre samanheng mellom planprosessen, Nasjonal transportplan og statsbudsjettet. Dette vil redusere «unødvendig» saksarbeid og dobbeltarbeid, men den store effekten får vi først om vi ryddar opp lovverket. Då må vi først finne ut om kva andre samfunnsomsyn vi meiner må vike.