Leiar, 29. oktober:

«Saudi-Arabia må bli stilt til ansvar for drapet»

Det groteske drapet på den saudiarabiske regimekritikaren og journalisten Jamal Khashoggi viser fram eit regime som ikkje skyr nokon middel for å fjerne den minste antydning til opposisjon.

Rettferd: Utanfor konsulatet i Istanbul har mange demonstrert ved å tenne lys for Jamal Khashoggi, ein martyr for pressefridom.   Foto: NTB/Lefteris Pitarakis

Det vil vere eit svik mot alle som kjempar for menneskeverd og rettferd

Leder

Ein spesialetterforskar i FN har slått fast at Khashoggi vart utsett for ein utanomrettsleg avretting av saudiarabiske styresmakter. Det må få konsekvensar. Tyskland og Frankrike vil ha ein felles EU-reaksjon når det gjeld sanksjonar. Norge må også ha ei tydeleg stemme i kravet om at Saudi-Arabia blir stilt til ansvar.

Den mektige kronprins Mohammed bin Salman (MBS) i Saudi-Arabia har forsøkt å framstille seg sjølv som ein moderne reformator i det muslimske kongedømet. Han har opna opp for at kvinner kan køyre bil, som om det skulle vere storarta, og han har tillate kinoar i landet. Dette har gjort han populær i mange vestlege land, og han har styrka sin posisjon. Men den mektige kronprinsen styrer landet med jerngrep og tilhøva for opposisjonelle skal ha blitt endå verre siste åra.

Jamal Khashoggi var ingen opposisjonell i den forstand at han jobba for å velte det saudiarabiske regimet. Han stilte kritiske spørsmål, og peika på behovet for reformer som kunne betre tilhøva for landets fattige befolkning. Men sjølv mild kritikk er livsfarleg i Saudi-Arabia. Inne på det saudiarabiske konsulatet i Istanbul vart han drepen og partert, og leivningane hans er enno ikkje funne. Dei offisielle forklaringane frå Saudi-Arabia har vore skiftande, men det er få som festar lit til påstandane om at drapet skal ha skjedd utan at den mektige kronprinsen kjende til det.

Saudi-Arabia er ei økonomisk stormakt, og ein viktig alliert med USA i kampen mot Iran. Derfor er det mange som har interesse av å dysse ned denne hendinga. Men ved å la vere å reagere på grufulle overgrep, sender ein signal om at det ikkje er så nøye med respekten for menneskerettar. Det vil vere eit svik mot alle som kjempar for menneskeverd og rettferd. Jamal Khashoggi hadde eit håp om at andre land skulle legge press på Saudi-Arabia, slik at det kunne gjennomførast reformer. Det håpet lever vidare.