Men Kristeleg folkeparti sitt ekstraordinære landsmøte i dag er ikkje normalt, men i dobbel forstand ekstraordinært.

Her er utsendingane valde i sine fylkesårsmøte for å ta stilling i ei einaste konkret sak, ikkje for å vedta eit partiprogram med alle sine detaljar og vurderingar. Delegatane er valt som utsendingar fordi dei har flagga eit tydeleg standpunkt til kva veg KrF bør gå. Ikkje anna.

Formelt møter dei ikkje med bunde mandat, men i praksis er det nettopp det. Difor bør dei røyste slik dei har fått mandat til. Det er utenkjeleg at landsmøtet skal få dramatisk nye opplysningar som endrar dette. I respekt for prosessen fram til no bør også avrøystinga i landsmøtet vere open.

Når landsmøtet i KrF opnar i dag på Gardermoen, vil det tidleg stå to viktige slag. Først blir det kamp om voteringsrekkefølgje. Tilhengarane av Steinar Reiten og Hans Petter Grøvan sitt forslag om å bli verande i opposisjon, vil ha dette som eit likeverdig alternativ i voteringa.

Det er deira einaste håp om å nå fram, men det håpet heng uansett i eit syltynt snøre. Det viktigaste slaget står derfor om det skal vere open eller hemmeleg avrøysting. Partileiar Knut Arild Hareide vil kjempe for det siste, nettopp i håp om at delegatar lettare kan skifte standpunkt.

Det er hans einaste håp om å kunne sigre, sidan delegatvala i fylkespartia allereie har gitt eit knapt blått overtak. Men dette håpet byggjer altså på at delegatane skal kunne svikte standpunktet dei vart valt på utan å måtte bli konfrontert med dette av dei som har gitt dei tilliten.

Eit slikt taktisk spel blir både uverdig og umoralsk. Partileiinga har i det alt vesentlege hausta ros for den opne prosessen dei har valt fram mot dette landsmøtet. Denne openheita bør landsmøtet stå ved, sjølv om landsstyret opphavleg vedtok hemmeleg røysting. Skal ein brått snu om på dette, vil det gå både på tilliten og truverdet laus. Taktisk hemmeleghald vil berre auke faren for splitting av eit parti der tilliten partane mellom allereie er tynnsliten.