Leiar 7. november:

«Når vaktbikkja sovnar, er det fare på ferde»

Ingen kan fullt ut gjere greie for om dei som skal ha tilsyn med soningstilhøva i fengsla på Vestlandet, har utført jobben sin.

I tre av seks år har det ikkje vore ført tilsyn ved Ålesund fengsel. Det er eit klart lovbrot frå tilsynsrådet si side, og bør få konsekvensar.   Foto: Staale Wattø

Måten vi behandlar våre straffedømde på, er eit viktig mål på eit samfunn sin etiske standard

Leder

I Ålesund fengsel har det ikkje vore gjennomført tilsyn i tre av dei siste seks åra.

Her har vaktbikkja, tilsynsrådet for Kriminalomsorgen region vest, svikta. Rådet har som jobb å sjå til at vi behandlar våre straffedømde i samsvar med gjeldande rett og på ein måte vi som samfunn kan stå inne for.

Den jobben klarer ikkje tilsynsrådet å gjere greie for at dei har gjort på ein god nok måte. Ei vaktbikkje som korkje vaktar eller bjeffar når noko er gale, er det lite nytte i.

Tilsynsrådet for region vest i Kriminalomsorgen har ansvaret for tilsynet med soningstilhøva for 700 innsette og domfelte. Avisa Bergens Tidende har mellom anna avdekka at det ikkje er levert årsmelding for dei fire siste åra.

Dette er eit klart brot på Straffegjennomføringslova. Der er det slått fast at årsmelding skal leverast ved utgangen av kvart år. Denne skal gå vidare til Kriminalomsorgsdirektoratet med ein uttale frå regional direktør. Ein ting er altså at meldinga ikkje er levert. Det er heller ingen som har etterlyst den. Det har altså vore svikt heilt til topps.

Sjølvsagt kan det ha blitt ført tilsyn i tråd med lova utan at det er dokumentert. Men utan dokumentasjon er dette uråd å kontrollere. Dessutan slår granskinga til Bergens Tidende fast at det også er svikt i tilsynet. I Ålesund er det ikkje gjennomført tilsyn i åra 2013, 2014 og 2016. I dette kan det vere eit lovbrot.

Svikten bør få konsekvensar. Det er vanskeleg å forstå at dei som har leia tilsynsrådet seier at dei ikkje kjente til kva dei var pliktige til. I lovteksten er tilsynsrådet sine oppgåver korkje utydeleg eller vanskeleg tilgjengeleg.

Kriminalomsorgen må også skjerpe inn rutinane. Det gjeld frå regional direktør og heilt opp til direktoratet. Når dei ikkje mottar informasjon om tilsyn, må alarmen gå. Vi har ikkje tilsyn som ein formalitet. Måten vi behandlar våre straffedømde på, er eit viktig mål på eit samfunn sin etiske standard. Her kan vi ikkje tillate oss å svikte.