Her er det viktig å balansere rett, og syte for at vi ikkje går lengre enn det er naudsynt. På den eine sida skal vi ha eit digitalt grenseforsvar som kan avsløre og hindre digitale angrep, både frå framande makter og frå kriminelle.

På den andre sida må vi ta vare på personvernet på ein betryggande måte. Vi må ha kontrollsystem som hindrar ulovleg overvaking, og vi må sørge for at folk flest kan ha tillit til at slik overvaking ikkje skjer. Slik tillit er ein svært viktig samfunnsverdi vi ikkje må sløse bort.

Mykje av vår daglege, digitale kommunikasjon kryssar landegrenser. Serverar til dei fleste digitale tenester vi nyttar dagleg, ligg i andre land. Sender vi ei melding eller eit bilete til ein ven via vanlege tenester som Facebook, Snapchat, Instagram eller Whatsapp, går det via servarar i utlandet.

Når e-tenesta skal lagre og kan søkje i data om all nettrafikk som kryssar grensa, betyr det at dei har tilgang til data i all slik kommunikasjon. Først og fremst handlar det om oversikt over kven som kommuniser er med kven, men lovframlegget legg også opp til at innhaldsdata skal lagrast.

Vi får altså eit system som legg til rette for masseovervaking av nettrafikken, lik den vi kjenner frå Snowden-saka og NSA si overvaking av amerikanske borgarar. Allereie her er vi i eit krevjande område.

Vegen til eit overvakingssamfunn kan vere kort. Ny teknologi gjer den kortare. Vi har nok av døme på at hemmelege tenester misbrukar mandatet sitt. Vi treng ikkje gå til utlandet for å finne døme. Det er ikkje så mange tiår sidan Lund-kommisjonen si avsløring av ulovleg politisk overvaking.

Organa som skal sikre oss mot at tilsvarande ting gjentar seg, må både få ressursar og lovheimlar som gjer dei i stand til å utøve denne kontrollen med kraft. Det gjeld alt ifrå EOS-utvalet på Stortinget til domstolane som skal vareta domstolskontrollen med bruken av innsamla data.