Helse Møre og Romsdal må kutte nesten ein halv milliard kroner dei tre neste åra. Styringsmålet for i år var minus 86 millionar kroner, men i staden ser resultatet ut til å bli eit underskot på nærare 180 millionar kroner. Reknestykket går ikkje opp.

Den 4. desember skal direktør Remme legge fram for styret forslag til konkrete tiltak for å sikre ei forsvarleg utvikling. Målet er at helseføretaket skal kunne tilby likeverdige tenester til alle i fylket, samtidig som ein sikrar berekraft både når det gjeld fag, kompetanse og økonomi. Det betyr meir omfattande omstillingstiltak. Møre og Romsdal har fire sjukehus med fullt vaktsystem og døgndrift på fire operasjonsavdelingar. Når utviklingsplanen no skal konkretiserast, er det varsla at ein vil sjå på både struktur og oppgåvefordeling mellom sjukehusa.