Trass i lenge uttalte politiske mål om å flytte meir av godstransporten frå veg til bane og sjø, er det vegtransporten som veks. På sju år har godstransporten mellom aust og vest i Norge auka med 100.000 lastebilturar.

Skal vi klare å snu denne utviklinga og kome nærare det nasjonale målet om overføring av gods frå veg til sjø og bane, må vi gjere meir kraftfulle tiltak. Samstundes må vi innsjå at utbygging av hamneanlegg berre er eitt av svara så lenge varetransport på veg blir stadig meir kostnadseffektivt.

Ei undersøking frå Statens vegvesen syner at 46 prosent av alt gods til og frå Vestlandet vert frakta på veg. I 2010 var andelen 39 prosent. Sjøtransporten sin andel av godstransporten er redusert med sju prosent i same periode.

Hovudtrenden er altså likevel at sjøtransporten ikkje veks. Eit betre vegnett og billegare lastebiltransport, delvis på grunn av billege utanlandske sjåførar og endra kabotasjereglar, er noko av forklaringa. Sentraliserte varelager på Austlandet – og til og med i utlandet, er ei anna. Det gir behov for hyppigare leveransar av mindre volum.

Det er sjølvsagt mogeleg å snu denne trenden, men dette krev kraftigare lut enn det styresmaktene har vore villige til å bruke så langt. Sjølvsagt må hamneutbygginga styrkast saman med infrastrukturen rundt desse, men det viktigaste er pris.