«Gir framleis full gass for lastebil-transporten»

Stillstand: Nasjonale mål om å flytte transport av gods frå veg til sjø gir ikkje resultat. Skal ein få fart i denne utviklinga, må det nye tiltak til.   Foto: Staale Wattø

Dette krev kraftigare lut enn det styresmaktene har vore villige til å bruke så langt

Leder

Trass i lenge uttalte politiske mål om å flytte meir av godstransporten frå veg til bane og sjø, er det vegtransporten som veks. På sju år har godstransporten mellom aust og vest i Norge auka med 100.000 lastebilturar.

På bane og sjø har det ikkje vore vekst. Avstanden mellom fagre ord og effektiv handling er med andre ord lang. Konsekvensen er både at presset på vegnettet aukar og at det blir vanskelegare å nå måla om kutt i utsleppa frå vegtrafikken.

Regjeringen vurderer støtteordning for å få godstrafikk av veien

Regjeringen undersøker mulighetene for å innføre en økonomisk støtteordning som skal bidra til at godstrafikk flyttes fra veiene til jernbanen.


Skal vi klare å snu denne utviklinga og kome nærare det nasjonale målet om overføring av gods frå veg til sjø og bane, må vi gjere meir kraftfulle tiltak. Samstundes må vi innsjå at utbygging av hamneanlegg berre er eitt av svara så lenge varetransport på veg blir stadig meir kostnadseffektivt.

Ei undersøking frå Statens vegvesen syner at 46 prosent av alt gods til og frå Vestlandet vert frakta på veg. I 2010 var andelen 39 prosent. Sjøtransporten sin andel av godstransporten er redusert med sju prosent i same periode.

For Sunnmøre sin del har godstransporten til sjøs hatt eit stort fall. Vegransporten veks også her, sjølv om det er med beskjedne fem prosent. Nordmøre og Romsdal har stor vekst i godstransporten i denne perioden, og denne delen av fylket har også vekst på sjøtransporten.

Skal sjå om meir kan sendast med båt og bane

Kvar kjem du ifrå, kvar skal du? Og kva har du med deg?

Kvar kjem du ifrå, kvar skal du? Og kva har du med deg?


Hovudtrenden er altså likevel at sjøtransporten ikkje veks. Eit betre vegnett og billegare lastebiltransport, delvis på grunn av billege utanlandske sjåførar og endra kabotasjereglar, er noko av forklaringa. Sentraliserte varelager på Austlandet – og til og med i utlandet, er ei anna. Det gir behov for hyppigare leveransar av mindre volum.

Det er sjølvsagt mogeleg å snu denne trenden, men dette krev kraftigare lut enn det styresmaktene har vore villige til å bruke så langt. Sjølvsagt må hamneutbygginga styrkast saman med infrastrukturen rundt desse, men det viktigaste er pris.

Hamnene må få ny finansiering, slik at hamneavgiftene kan kuttast. Eit anna framlegg er å kutte avgifter på den mest miljøvennlege skipstransporten. Berre dersom pris- og leveringsvilkår er konkurransedyktige, vil transporten bli flytta over på kjøl – for dei varetypane som eignar seg for det.

Riksrevisjonen: Dårlig styring har ført til mer gods på veien

Det er kritikkverdig at myndighetene ikke har klart å styrke konkurranseevnen til sjø- og jernbanetransport, mener Riksrevisjonen.