Leiar fredag 30. november

«Lysning i kampen mot lakselussmitten»

Lusesmitte: Lakselussmitte på villfisk er ei av dei største miljøutfordringane for oppdrettsnæringa, og er eit hinder for vidare vekst. Foto: Knut Arne Aarset  Foto: Knut Arne Aarset

Kampen mot lakselussmitten må vinnast for at vi skal klare å hauste større gevinstar

Leder

Neste år skal Fiskeridepartementet avgjere kva område som kan få lov til å auke produksjonen av laks. Ein fersk rapport om spreiinga av lakselus tyder på at i åtte av 13 område kan oppdrettarane førebu seg på vekst.

Lusesmitten frå oppdrett ser med andre ord ut til å vere på veg ned. Talet på laks som er plaga av lakselus er på veg ned, og berre eitt område langs kysten har no så høg lusesmitte at oppdrettarane kan verte tvinga til å redusere produksjonen.

Sjølv om dette berre er ei løypemelding, med til dels usikre resultat, er det svært positivt. Kampen mot lakselussmitten må vinnast for at vi skal klare å hauste større gevinstar frå ei av dei viktigaste næringane for kysten. Framleis står næringa overfor store utfordringar.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) er så langt forsiktig med å konkludere, men rosar oppdrettarane for den jobben dei gjer. Det er det då også all grunn til, sjølv om det ifølgje rapporten er uklart kor mykje som skuldast naturlege svingingar og kva som skuldast oppdrettarane sin innsats.

Næringa tar dette problemet på alvor, og innser at berekraftperspektivet må ligge til grunn for all vekst. Stadig større ressursar er sett inn i arbeidet med å få ned lakselus-smitten, og nye metodar er tekne i bruk. Det betyr ikkje at ein er i mål, men at ein er på rett veg.

Først neste haust vil styringsgruppa bak den nye rapporten leggje fram sine endelege vurderingar. Berre i områda med lågast smittepress vil oppdrettarane få grønt lys for å auke produksjonsvolumet. Resten må enten halde seg til dagens volum eller kutte i produksjonen.

Størstedelen av kysten er no i lågaste risikogruppe. Kysten av Sogn og Fjordane og sørlege delar av Møre og Romsdal er derimot framleis eitt av områda med moderat risiko – med unntak av eit område i Storfjorden. Om dette står seg også til hausten neste år, vil det bety stopp for vidare vekst her.

Dette bør ei samla næring i regionen ta til seg, og styrke den vidare innsatsen. Kampen mot lakselussmitten bør absolutt kunne vere like vellykka her som i områda både nord for oss og kysten frå Jæren til svenskegrensa.