Framlegget frå Samferdselsdepartementet går ut på å halvere talet på dagar med postombering frå 2020, og deretter redusere omberinga til ein dag i veka frå 2022. Årsaka er at vi sender langt færre brev enn tidlegare, og departementet meiner at kostnadane til dei leveringspliktige posttenestene må reduserast. Det blir peika på at kommersielle tilbod i marknaden vil framleis sikre eit høgt servicenivå ved behov. Det kan vere rett når det gjeld byar og tettstadar, men i utkantane er det langt mellom bodselskapa. Småindustri som er avhengig av regelmessig postlevering kan bli skadelidande. Dette er også den delen av landet der dekninga av breiband med høg hastigheit er dårlegast utbygd.

Norge har ein unik flora av lokal-, region- og nasjonale aviser som har gjort nordmenn til eit av verdas mest avislesande folk. Truverdig, kvalitetssikra informasjon er ein føresetnad for ein opplyst samfunnsdebatt. Lokal- og regionaviser spelar ei viktig rolle som bindeledd mellom dei folkevalde og innbyggarane, og er avgjerande for at lokaldemokratiet skal fungere. Dersom postkutta blir gjennomført slik det er gjort framlegg om, er det dei minste lokalavisene som blir hardast råka på Nordvestlandet. Årsaka er at dei er meir avhengige av posten som distribusjonskanal enn dagsaviser som Sunnmørsposten. Men alle papiraviser vil bli skadelidande, og på landsbasis vil omlegginga råke rundt 170.000 abonnentar.

Vi har forståing for at digitaliseringa har gitt Posten økonomiske utfordringar som må løysast. Digitaliseringa har også svekka det økonomiske fundamentet til avisene. Sjølv om talet på digitale abonnentar er i kraftig vekst, er det framleis flest som les aviser på papir, og papirutgåvene står for størstedelen av inntektene til mediehusa. Kutt i postomberinga i 2020 kan rokke ved eksistensgrunnlaget til både lokalaviser og riksdekkande meiningsaviser. Derfor er det avgjerande at det blir sett inn tiltak som kan bøte på konsekvensane. Å bidra til eit godt distribusjonssystem i vårt langstrakte land, handlar om å sikre viktig infrastruktur.