Neste veke skal fylkestinget i Møre og Romsdal seie om bygginga av Nordøyvegen skal halde fram eller om den skal utsettast. Avgjerda vil ha store konsekvensar, ikkje berre for dei som bur på øyane, men for heile regionen.

Alt tyder i dag på at fylkestinget blir kløyvd nesten på midten. Mange som i 2016 sa ja, har no snudd. Stigande uro for fylkeskommunen sin økonomi er årsak til dette. Anbodssprekken for Nordøyvegen har ikkje gjort uroa mindre.

Slik uro er både forståeleg og fornuftig. Politikarar må ha mot til å gjere tøffe prioriteringar, og kunne stå for det også når dei er under hardt press. Men ein grunnleggande føresetnad er at dei har eit saksgrunnlag dei kan stole på.

Fylkesadministrasjonen har fått kritikk for saksutgreiinga. Mykje av kritikken er ufortent. Administrasjonen har plikt til å greie ut alle sider og gi fullgodt bilete av konsekvensar og risiko. Så er det politikarane sitt ansvar å ta avgjerda. Det kan dei ikkje springe frå ved å skulde på fylkesrådmannen.

I ei sak som har vore i arbeid så lenge, burde ein vente at alle steinar var snudde. Så opplever vi altså at administrasjonen, ei veke før fylkestinget, må vedgå ein tabbe. Kva konsekvens dette vil få er uklart, men konsulentselskapet Deloitte har for fleire veker sidan sagt det kan vere ein milliardbom.

No er det neppe slik at ei ny analyse vil snu opp ned på alt. Nordøyvegen vil framleis bli eit krevjande prosjekt, sjølv om det er ei lønsam investering på lang sikt. For ein fylkeskommune som allereie slit økonomisk, er ikkje dette ein bagatell.

Tabben er likevel svært alvorleg, uansett kva utfallet blir på reknestykket til slutt. Ein ting er at det er gjort ein feil. Endå verre er at det sat så langt inne å vedgå den. Kritikk og spørsmål har i staden blitt kontant avvist, og faglege innvendingar har blitt bagatellisert.

Administrasjonen ville stått seg langt betre med å ha ei open haldning til kritikken frå motekspertisen og synleggjort ein vilje til å finne ut av dette. At det først skjer heilt på tampen og etter press, gjer sitt til å underminere truverdet til administrasjonen, eit truverd som politikarane er heilt avhengige av å kunne byggje på.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!