Ferske tal frå Utdanningsdirektoratet syner kraftige sprik i skule-Norge. Vi kan ikkje slå oss til ro med dette. Det skal ikkje vere så store faglege skilnader mellom skular og skuleeigarar. Dette bør få både skuleeigarar, sentrale styresmakter og den enkelte skuleleiing til å vakne.

Tilfeldige variasjonar i tilbodet skal ikkje vere avgjerande for kva sjansar ein elev har for å kome ut av vidaregåande skule, godt rusta for å klare seg i samfunnet. Foreldre og elevar må vere trygge på at eit skuleval tufta på bustadadresse ikkje svekker sjansane til jobb eller vidare studiar.

Tala i Utdanningsdirektoratet sin statistikk syner at det har mykje å seie kva skule eleven går på, altfor mykje. Nokre skular gjer ein svært god innsats i å løfte elevane sine fagleg. Andre bidrar langt mindre. Det same mønsteret kan vi sjå i skilnadane på kva hjelp og støtte skulane gir elevane sine til å fullføre skulegangen med godkjent eksamen.

Statistikken skal vere «vaska» for variasjonar i elevane sin bakgrunn og ulik samansetning i elevmassen ved den enkelte skule. Dette er altså tal som måler elevane si læring og framgang meir presist enn direkte samanlikningar i karakterar eller tal på fråfall.

Dei største utslaga finn vi i kor gode skulane og skuleeigarane er på å hindre fråfall. Sprika er mindre når det gjeld kor god fagleg utvikling elevane får, men også her er spranget frå topp til botn altfor stort.

Skulane i Møre og Romsdal klarer seg rimeleg godt på indikatorane i statistikken. Det same gjeld Sogn og Fjordane. Det viser at det blir gjort ein god jobb både blant dei tilsette i skulane og frå skuleeigar si side. Andre fylke har langt større behov for å skjerpe seg.

Det er likevel all grunn til å gå inn i desse tala, sjå kven som gjer den beste jobben og lære av desse. Prinsippet om eit likeverdig tilbod må ligge som eit ufråvikeleg fundament.