Ein av fire unge mellom ni og 16 år har opplevd å bli mobba eller blitt dårleg behandla via mobiltelefon eller på nett, viser tal frå Medietilsynet. Meir enn kvar sjette tenåring har opplevd å få seksuelle kommentarar på mobil i løpet av det siste året, og mange jenter har følt seg pressa til å sende nakenbilde. Samtidig er det svært få unge som fortel om desse problema til foreldre eller andre vaksne.

Det finst eit hav av sosiale medium som kan misbrukast, og når avsendaren er anonym er det lettare å spreie hatefulle meldingar. Likevel er det verken apper eller teknologi som er årsak til mobbing, men menneske. Når elevar sender meldingar med krenkande innhald som «Du er så stygg. «Kan du ikke bare gå og dø» tyder det på alvorleg fråvær av empati. Dette er personar som treng hjelp til å forstå at dei har trakka over ei grense, og at ord kan gjere skade. Det er ingen, uansett alder, som skal bli utsette for slike destruktive meldingar. Kolvikbakken ungdomsskole skal ha ros for å ta problemet på alvor, og for å oppmode alle foreldre til å engasjere seg. Vaksne må sørge for å vere gode forbilde.

Kronikk om nettvett: Eit bilete på nett kan få alvorlege konsekvensar for livet til barnet