Ålesund sentrum har eit rikt utval av kafear og restaurantar, og stadig nye veks fram. Ei kartlegging Sunnmørsposten har gjennomført viser at sentrum kan by på meir enn 30 ulike stadar som serverer middag. Gjestane kan velje mellom norske, italienske, kinesiske, indiske, japanske og amerikanske menyar. Saman med eit rikt utval kunstgalleri og fleire kulturscener er det breie utvalet av serveringsstadar med på å styrke Ålesund som mat- og opplevingsby. Det skaper positive ringverknadar for Sunnmøre og Nordvestlandet, og regionen blir meir attraktiv for både tilreisande og fastbuande.

Den norske Matfestivalen har vore viktig for å bygge opp Ålesund som matby. Neste år er det 30 år sidan festivalen vart arrangert for første gong, og det er tid for å blankpusse profilen. Matfestivalen har på desse åra endra seg frå å vere ein stor arrangør av NM i kokkekunst, med kurs, debattmøte og temadagar – til å bli ein møtestad for lokalmatprodusentar og forbrukarar. Konkurransane vart flytta til andre byar, og Den Norske Matfestivalen miste både status og særpreg.

Når Ålesund kommune no går inn som ein av dei største aksjonærane i Matfestivalen, viser det ny vilje til å satse. Det er positivt. Viktige grep er tatt dei siste åra, både med Barnas Matfestival, gatemarknaden og arrangement som «Smak av Ålesund». Dette kan utviklast vidare. Fisk, sjømat, barn og unge er viktige stikkord. Det blir sagt at ein vellykka festival fører til at folk blir stolte av heimstaden sin, og at utflytta får lyst til å kome heim. For å oppnå det, må festivalen ha ein klar profil og identitet.

Ålesundsregionen har forplikta seg på å arbeide for FNs berekraftsmål nr. 14 om liv i havet, som handlar om å bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling. NTNU Ålesund har hav og berekraft som sine satsingsområde, og den marine klynga i regionen har dokumentert korleis restråstoff kan bli verdifull mat. Det gir festivalen eit unikt utgangspunkt for å fremje berekraftig matproduksjon og lokal mat. Havet er framtidas matfat. Ambisjonen må vere å utvikle Ålesund til den mest framtidsretta matbyen.