Leiar 5. januar:

«Fartsbøtene er ei billeg forsikring»

Køyring i rus er medverkande årsak i kvar fjerde dødsulykke i trafikken.

Tar fleire: Talet på bilførarar som vart tekne for å køyre for fort eller for å køyre i rus auka i fjor. Det er mellom anna eit resultat av auka kontrollverksemd. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix  Foto: Kallestad, Gorm

For kvar bilførar som tek ei slik påminning innover seg, blir ulykkesrisikoen redusert

Leder

Høg vart er medverkande årsak i kvar fjerde dødsulykke. Minst. Truleg er dei reelle tala større. Til dømes vert berre to av tre dødsulykker sjekka for rus.

I fjor steig talet på bilførarar som vart tekne for køyring i rus. Det same gjorde talet på bilførarar som enten fekk bot eller vart fråtekne førarkortet på grunn av høg fart. Ei årsak til dette er at Politiet har styrka kontrollane sine.

Er det eit nyttårsforsett vi vonar blir halde i 2019, så er det UP sin lovnad om å halde fram med den forsterka innsatsen med hyppigare kontrollar. Det er tiltak som verkar. Det er tiltak som bergar mange liv.

I fjor måtte 101.000 betale bøter bilførarar fartsbøter. Over 9.600 vart tatt for køyring i ruspåverka tilstand. Det siste er ein auke på heile ti prosent frå 2017 ifølgje det politiet opplyser til radiostasjonen P4.

Alt dette er sjølvsagt ikkje like grove lovbrot. Nokre bøtelagde har berre mindre fartsoverskridingar, og får køyre vidare med opplevinga av å ha blitt nokre sure kroner fattigare. Heller ikkje dei som blir tatt med promille på under 0,5 misser umiddelbart førarkortet.

Likevel er kvar slik inngriping av politiet viktig. Kvar bot er ei påminning om at samfunnet ser alvorleg på slike lovbrot. For kvar bilførar som tek ei slik påminning innover seg, blir ulykkesrisikoen redusert. Det er ei billeg forsikring for samfunnet, og sparer mange menneske for store lidingar.

Talet på alvorlege ulykker i trafikken har gått kraftig ned dei seinare tiåra. Talet på trafikkdrepne blir stadig lågare. Denne utviklinga har mange årsaker, og er eit resultat av eit heilt spekter av tiltak – frå politiet sin innsats til haldningsskapande tiltak og betre bilar og høgre vegstandard.

Vi må halde fram med og forsterke ein slik brei innsats, men samstundes er det fornuftig å spisse den mot det vi veit er viktigast. All innsats som er retta inn mot å få ned talet på ruskøyrarar og fartssyndarar peikar seg difor ut som eit satsingsområde. Blant begge desse gruppene har vi gjengangarar. Det bør svi ekstra å vere blant desse.