Sunnmørsposten skreiv før helga om korleis Blindheim ungdomsskule har tatt tak i problemet med spreiing av valdelege videoar. Foreldre blir bedne om å engasjere seg meir i kva dei unge bruker tid på, og snakke med dei om kva dei ser på mobil og nett. Ikkje nok med det. Mange vaksne deltar sjølv i delinga av valdelege innhald, og manglar grunnleggande forståing av lov og rett. Å dele bilde eller videoar av andre personar utan deira samtykke er i utgangspunktet ulovleg. Derfor er det viktig å nå ut med kunnskap om dette problemet, og gjere folk klar over kva dei er med på. Spreiing av bilde og videoar som viser at menneske blir utsette for vald og misbruk, er eit nytt overgrep. Det er fare på ferde dersom vi blir så følelsesmessig avstumpa, at vi ikkje lenger reagerer på at andre menneske blir misbrukte. Kvart enkelt menneske er uendeleg verdifullt, og som samfunn må vi reagere på alle tendensar til dehumanisering.

Spreiing av valdeleg innhald gir status i enkelte miljø, og det gir grunn til uro. I fjor skreiv vi om ein video som viste at ei ung jenta vart banka opp av ei anna jente, medan andre stod passivt og såg på. Vi har omtalt andre sjokkerande videoar frå ungdomsmiljø på Sunnmøre, der det blir utøvd grov vald. Vald og overgrep må ikkje bagatelliserast. Alle som let seg passivt underhalde av overgrep mot andre blir medskuldige. Mange valdsepisodar har handla om at unge vil forsvare ære og status. Dette botnar i eit forkvakla æresomgrep. Det er aldri ærefullt å skade andre menneske, eller å la seg underhalde av at andre blir skada. Derfor er det så viktig at nokon reagerer på brutaliteten.