Her er vi berre ein plass unna å vere heilt i botnen på landsplan. Den plasseringa har vi grunn til å vere misnøgde med.

Truleg kan vi forklare litt med at fylket har mange mindre kommunar med spreidd busetnad. Trenden er at det er dei større og mest sentrale kommunane som har eit slikt tilbod. Kanskje er det også der behovet kjennest størst, men det kan ikkje vere heile forklaringa.

Om vi samanliknar Møre og Romsdal med fylke med tilsvarande struktur, har mange av dei langt betre dekning. Og uansett forklaring, så er det inga orsaking. Tilbodet er like viktig om det er mange eller få som treng det.

Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for ungdommar opp til 20 år. Her kan unge lett få kontakt med helsepersonell for å ta opp problem og spørsmål knytt seksualitet, rus, mobbing, utfordringar eller helse, både psykisk og fysisk helse. Eit slikt tilbod er kommunane pålagde å ha.

Endå viktigare enn at lova seier det, er det at behovet er stort. Svært mange unge slit med psykiske helseplager, og talet er aukande. Det kjem mellom anna fram i Ungdata-undersøkinga. Tal frå Elevundersøkinga fortel oss at meir enn 50.000 elevar i grunnskulen opplever mobbing.

For unge som slit på denne måten eller som av andre årsaker treng å snakke med helsepersonell, er det viktig at terskelen er så låg som råd. Særleg dei yngste kan ha problem med å vende seg til den ordinære helsetenesta, og bør heller ikkje vere avhengige av foreldre si hjelp.

I dei minste kommunane står det aller dårlegast til i SSB-statistikken. I kommunar med under 2.000 i folketal er det mindre enn seks av ti som har etablert tilbodet. I kommunar med meir enn 10.000 innbyggjarar har alle eit slikt tilbod.

Sentralt på Austlandet har ni av ti kommunar følgd pålegget. I motsett ende finn vi Møre og Romsdal i selskap med Nordland, Troms og Finnmark. I andre samanhengar er det ein fest å vere i nordnorsk selskap, men ikkje denne gongen. Å pine ned helsetenestene for ungdom, er slett ingen fest.