No stiller fleire spørsmål ved om det er meir enn kostnadsstyringa som må under lupa. Stortingspolitikarar frå Møre og Romsdal er kritiske til korleis Helse Midt-Norge fordeler pengane internt.

Det er ikkje første gong det har blitt retta kritikk mot finansieringsmodellen, og neppe den siste. For det skal meir til enn ei from bøn før helseføretaket tar finansieringsmodellen opp til ny vurdering. Motstanden mot endring er stor.

Det er snart åtte år sidan dagens finansieringsmodell for Helse Midt-Norge vart sjøsett. Den nye inntektsfordelinga svekka Helse Møre og Romsdal sitt finansielle grunnlag kraftig. Endringa strypte til slutt ramma for føretaket med 133 millionar kroner, eller over 150 millionar målt i dagens kroneverdi.

St. Olavs hospital fekk utvida si ramme med knapt 100 millionar, medan 35 millionar gjekk til Helse Nord-Trøndelag. I Møre og Romsdal var protestane store. «Trønderran» kalla enkelte det, men protestane vart avfeia som sutring.

Målet var ei meir rettferdig fordeling, men det er all grunn til å stille spørsmål ved om det vart resultatet. Nokre ser ut til å tru at den nye modellen er rein matematikk. Det er det ikkje. Det ligg ein stor porsjon skjønn i botnen, og den såkalla Magnussen-modellen blir praktisert ulikt i ulike føretak.

Adm. direktør i Helse Midt-Norge slo før jul fast at det ikkje er planar om å endre modell. Julegåva til befolkninga i Møre og Romsdal var i staden varsel om kutt tilsvarande 200 årsverk. Sist veke kom den første konkretiseringa. Forslag om nedlegging av døgnseksjonen i psykiatri på Sjøholt er dessverre berre ein smakebit på kva vi har i vente.

Helseministeren har til no halde fingrane unna fordelinga av pengar internt i føretaka. Det bør Mørebenken samla sørge for at han sluttar med. Når leiinga i helseføretaket ikkje er villige til å sjå kritisk på modellen, må nokon vaksne ta ansvar. Det er pasientane som skal haldast heilage i helsetenesta, ikkje Magnussen-modellen.