Statens vegvesen har lagt fram sitt nye overslag for kva bompengesatsane for Møreaksen vil verte. Det er ei viktig avklaring for debatten om kvar traséen for ferjefri E39 gjennom Møre og Romsdal skal gå.

Påstandane om at vi må punge ut 4–500 kroner ein veg mellom Ålesund og Molde er med det ettertrykkeleg parkert. Det er tal som har vore brukt som argument for å skrinlegge prosjektet til fordel for Romsdalsaksen, også av sentrale samferdslepolitikarar i fylket.

Kva den endelege kostnaden for Møreaksen vil bli, veit vi enno ikkje. Statens vegvesen arbeider no med å kutte kostnader, slik det vart gitt klare føringar om frå regjeringa då Nasjonal transportplan vart lagt fram. Ei billegare løysing vil gi billegare finansiering og lågare satsar.

Nytt frå Statens vegvesen er at brua over Julsundet kan verte billegare enn tidlegare tenkt. Bompengesatsen blir likevel ikkje spikra før alle kostnader er klare og bompengeproposisjonen er banka gjennom i Stortinget.

Det er eit langt stykke veg att før vi er der. Men overslag på knapt 150 kroner for bil mellom Vestnes og Molde, er ikkje avskrekkande. Ikkje er det mykje dyrare enn ferja, og i motsetnad til ferje betaler vi i ei avgrensa periode.

Statsministeren har tidlegare slått fast at regjeringa står på sitt traséval. Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) stadfesta nyleg at han ikkje vil ikkje ta initiativ til nokon omkamp. Det er positivt at statsråden held ei stø hand på rattet. Vingling kan lett føre til at ein hamnar i grøfta.

Sterke krefter jobbar mot at milliardar skal brukast på fjordkryssingar på Vestlandet. Generalsekretæren i Norges Lastebileierforbund sa onsdag i Dagsnytt 18 at dette bør utsetjast ein generasjon eller to. Frp sin finanspolitiske talsmann sa i same debatt at den store effekten av ferjefri E39 er å binde saman Bergen og Stavanger. Vi må gjerne krangle internt, om det er slik vi vil ferjefri E39 skal ende.