Særleg store problem er det knytt til den veksande trafikken med utanlandske vogntog.

For knappe to veker sidan fekk 86 av 597 kontrollerte køyretøy køyreforbod i løpet av fire dagar i ein storkontroll Statens vegvesen gjennomførte i Nord-Norge. Kontrollen vart gjennomført på oppfordring av samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) etter fleire alvorlege ulykker.

l førre veke vart eit slovensk vogntog på veg til Ulsteinvik stoppa med to heilt blankslitne dekk i ein kontroll på Minnesund. Køyreforbod og 1.500 kroner i bot vart resultatet. Køyreforbodet kan svi, men bota gjer det neppe.

I ein open økonomi, må vi også akseptere konkurranse i transportbransjen, men vi bør ikkje akseptere konkurranse på så ulike vilkår som vi ser døme på. Når dette i tillegg utgjer ein fare for liv og helse for både sjåførar og medtrafikantar, må vi sørge for å setje foten på bremsene.

Seinare år er det gjort mange tiltak for å betre situasjonen, samtidig som det har kome fleire utanlandske vogntog på norske vegar. I førre veke foreslo samferdselsministeren å skjerpe reglane for vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare, etter delvis mal frå tysk regelverk.

Det skulle berre mangle om ikkje vi har like strenge dekk-krav som Tyskland. Men som kontrollane i Nord-Norge syner, er altså mangel på etterleving av dagens regelverk eit minst like stort problem. Det løyser vi berre med å la det koste meir å bryte reglane – for sjåførar, transportselskap og kjøparar av transporttenestene.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!