For bompenge-trøytte bilistar kan kanskje dette høyrest ut som ei handsrekking, men eigentleg er det eit slag i ansiktet.

Det er nemleg ikkje ein grådigare stat som gjer at bompengerekninga stig, men at det blir bygd meir veg.

Senterpartiet sparkar med sitt framlegg inn opne dører. Det minner meir om eit litt for gjennomsiktig forsøk på å plukke veljarar frå Frp enn det syner omsorg for bilistane.

I åtte år sat Senterpartiet med handa på rattet i Samferdselsdepartementet, ein periode der bompengeandelen auka sterkt. I fem år har Frp hatt styringa i departementet.

Bompengeandelen har gått ned, og ein større del av bompengane går til vegbygging i staden for administrasjon.

No er det sjølvsagt grenser for kor lenge ein kan halde partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ansvarleg for den politikken som Liv Signe Navarsete, Magnhild Meltveit Kleppa og Marit Arnstad stod for som samferdselsministrar.

Det er heilt greitt å kome på andre tankar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Ein bør likevel både halde seg til fakta og seie kva konsekvens det nye standpunktet har. Senterpartiet ber regjeringa om å «sørge for at bompengeandelen ikke øker ytterligere». Det indikerer at vi i dag opplever ein auke i andelen, tvert imot det som er tilfelle. Årsaka til at totalsummen nærmar seg 13 milliardar, er at vegbygginga er trappa kraftig opp.

Så argumenterer Vedum mot å krevje inn meir bompengar enn i dag. Det kan ein godt gjere, men skal vi ta inn mindre, står vi framfor to alternativ: Auke dei statlege løyvingane til samferdsel tilsvarande eller å kutte ned på vegbygginga.

Hadde Senterpartiet hatt eit reelt ynskje på å meisle ut ein ny kurs, burde partiet heller ha fortalt kor mykje meir skattepengar det vil bruke på vegane.

Alternativt kva vegsatsingar dei vil kutte ut.

Skal staten snu meir på sine vegkroner og rekne rein samfunnsnytte i prioriteringa, er det i alle fall ikkje distrikta som blir vinnarar.