For 30 år sidan sette det iranske prestestyret ein pris på hovudet til den britisk-indiske forfattaren Salman Rushdie. Framleis har han drapstrugsmålet over seg. På grunn av at han skreiv boka «Sataniske vers». På grunn av ei ytring.

I dag er ytringsfridomen igjen under stadig sterkare press. Fleire vert trakasserte, utsette for vald, forfølgde, trakasserte, fengsla, truga på livet eller drepne. På grunn av ei bok. På grunn av ei meining. På grunn av ei ytring.

I Norge står ytringsfridomen sterkt. I fjorårets utgåve av World Press Freedom Index tronar Norge øvst, tett følgd av Sverige. Det globale klimaet er derimot hardare og kaldare. Det er ikkje berre autoritære regime som er trugsmålet.

Også demokratisk valde leiarar bidreg til å undergrave dei frie media si rolle i demokratiet. Størst tilbakegang for pressefridomen har det vore i Europa. Tøvêret etter Berlinmuren sitt fall og den arabiske våren er erstatta av polarisering, autoritære regime, populisme og fundamentalisme.

Og USA sin president nyttar diktatoren Joseph Stalin sine ord «fiendar av folket» om den frie pressa. Ikkje berre gjer det arbeidskvardagen for amerikanske journalistar vanskelegare, men gir også despotar ei «moralsk» ryggdekning.

Fatwaen mot Rushdie kom på same tid som demokratiet vann fram i Russland og Aust-Europa. Så kom internett for fullt, og senka terskelen for alle til å ytre seg. Mange såg for seg det liberale demokratiet sin endelege siger.

Salman Rushdie er framleis i livsfare, slik den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi – ein av over 80 drepne journalistar i fjor, også gjorde. På grunn av ytringar.

Vi må framleis stå vakt om det frie ord. Kampen for ytringsfridomen er ikkje vunnen. Men som leiaren for den svenske PEN-klubben skreiv på 30-årsdagen for fatwaen mot Rushdie torsdag: «Om Rushdie orkar, varför skulle inte vi?»