Forsvarsadvokaten hennar, Saif Malook, fortener å bli framheva. Malook er sjølv muslim, og med stor fare for sitt eige liv har han forsvart kristne Asia Bibi. To av hennar tidlegare støttespelarar er alt drepne, guvernøren av Punjab og den kristne minoritetsministeren. Malook måtte rømme frå Pakistan då dødsdommen mot Bibi vart oppheva. Likevel er han innstilt på å hjelpe kristne og andre minoritetar som ingen andre vil forsvare. Det står det stor respekt av.

Asia Bibi er blitt eit viktig symbol i kampen for ytringsfridom og trusfridom, og historia hennar har opprørt mange. Ho er ei fattig arbeidarkvinne frå Punjab i Pakistan, og ein junidag i 2009 arbeida ho saman med andre kvinner på ein bondegard. Det var veldig varmt, og Bibi vart beden om å hente vatn. Ho tok sjølv ein slurk av vatnet med sin eigen kopp, og det utløyste raseri. Dei andre kvinnene meinte at vatnet var blitt ureint fordi ein ikkje-muslim hadde tatt på det. Etter denne hendinga gjekk kvinnene til ein lokal imam, og klaga på at Asia Bibi hadde snakka nedsettande om profeten Muhammed. Imamen melde saka til politiet, og 8. november 2010 vart Asia Bibi dømt til døden. Det har hatt stor betydning at mange har engasjert seg i saka hennar. Internasjonal merksemd kan avgjere framtida for dei som blir urettmessig fengsla.

Pakistan har ei horribel blasfemilov. Alle som blir dømde for blasfemi får automatisk dødsstraff. Høgsteretts stadfesting av frifinninga til Asia Bibi er eit steg i rett retning, og skaper håp om større rettstryggleik i Pakistan. Det vil vere ekstra viktig for alle religiøse minoritetar i landet.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!