Leiar:

«Pasientane må ikkje bli kasteball»

Kuttar: Styret i Helse Møre og Romsdal skal ta stilling til kuttforslaga i føretaket seinare denne månaden. No har dei fått ei bekymringsmelding frå 19 rådmenn på bordet.  Foto: Staale Wattø

Har ein hastverk i slike saker, er krangelen om kven som tar rekninga det minste problemet

Leder

Ein pasient er ein pasient uavhengig av om behandlar er tilsett i ein kommune eller i helseføretaket. Korkje helseføretaket eller kommunen bør gjere pasienten til kasteball mellom dei to. Det gjeld ikkje berre i enkeltsaker, men også når det vert gjort strukturelle grep.

Særleg i ein anstrengt økonomisk situasjon, slik som den Helse Møre og Romsdal står i no, står ein i fare for å ty til kutt som berre gir einsidig effekt i eige budsjett. For samfunnet er det lite vunne dersom dette berre flyttar kostnadane over på kommunehelsetenesta.

Enda meir alvorleg er det sjølvsagt om også pasienten vert skadelidande, at ansvaret for behandlinga vert skubba over på ein kommune som korkje har ressursar eller kompetanse. Difor bør styret i helseføretaket lese brevet som 19 rådmenn på Sunnmøre og i Romsdal no har sendt helseføretaket.


Rådmennene på Sunnmøre kritiserer Helse Møre og Romsdal

Vil ha slutt på solospelet

Utan betre samarbeid mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal, får ikkje pasientane god nok behandling, skriv 19 rådmenn i eit fellesbrev.


Det er lett å forstå uroa til rådmennene. Etter innføringa av Samhandlingsreforma frå 2012 har mykje ansvar flytta seg frå helseføretaka til kommunane. Ikkje alt har gått knirkefritt føre seg, men i hovudsak har grepa i reforma vore fornuftige både for helsetenesta og pasientane.

Sjukehusa har fått frigjort kapasitet, og pasientane har fått ei betre oppfølging i sin heimkommune. Eit godt stykke på veg har intensjonen om å skape meir heilskaplege pasientforløp vorte oppfylt. Men framleis oppstår der altså interessemotsetningar mellom dei to nivåa.

Det ser vi blant anna i omfanget av «svingdørspasientar», slik mellom anna Riksrevisjonen peika på i sin rapport for eitt år tilbake. Og vi ser det når det no skal sparast. Mellom kutta som er diskutert, kan fleire føre til auka press på kommunehelsetenesta – utan at dette er nok grundig førebudd.

Kommunane må vere budde på å ta nye utfordringar og yte meir komplekse helse- og omsorgstenester til innbyggjarane. Akutte sparebehov bør likevel ikkje vere det som driv dette fram. All erfaring fortel oss at slik omstilling tar tid.

Har ein hastverk i slike saker, er krangelen om kven som tar rekninga det minste problemet. Sviktar vi i å skape eit heilskapleg helsetilbod, er det den som er sjuk som får svi.