Dersom pasientane ville få eit betre helsetilbod ved at leiinga for Helse Møre og Romsdal går, så burde den sjølvsagt det. Dersom dette berre er eit tomt politisk sverdslag i lause lufta, bør ein derimot leite etter andre løysingar.

Sylvi Listhaug (Frp) svinga i Sunnmørsposten i går sverdet nettopp over leiinga i helseføretaket, og meiner heile leiinga – rubbel og bit, må skiftast ut. Ho har ikkje tru på den sitjande leiinga i evne til å styre økonomien.

Ho syner til at den har hatt fire år på seg til å få kontroll, men har i staden enda opp med eit samla underskot for perioden på 800 millionar. Her har ho eit poeng. Dette vitnar ikkje om god nok kontroll. Men eit spørsmål ein også må stille seg, er kva eit skifte vil løyse – og kva det ikkje løyser.

Vil eit skifte av administrerande direktør gjere at styret droppar kutt som råkar tilbodet til pasientane eller arbeidsvilkåra til tilsette? Nei, neppe. Vil eit skifte av leiinga endre noko av det fundamentale, slik som finansiering av drifta og kostnadsdrivande strukturar. Igjen, nei.

Spørsmålet om tillit handlar om styret trur leiinga har evne til å gjennomføre pålagde innsparingar. Eit slikt spørsmål har sjølvsagt alle styrer plikt til å stille. Spørsmålet handlar derimot ikkje om ein kan droppe kutta, slik Listhaug, Helge Orten (H) og fleire av våre fremste folkevalde tek til orde for.

For pasientane er tilbodet det sentrale. Dei spør etter eit godt helsetilbod. Det handlar om langt meir enn kven som sit i toppen. Det handlar om at dei som jobbar i føretaket har god kompetanse og gode vilkår, og det handlar om kor mykje pengar som renn inn i kassa og kor godt dei blir brukt.

Før jul sa Listhaug klart frå at Helse Møre og Romsdal fekk for lite pengar, og at føretaka i Trøndelag fekk for mykje. Det fekk ho kjeft for, mellom anna av fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) i Trøndelag. Så snudde ho. No meiner Listhaug at det er pengar nok. Ho må ha lov å skifte meining.

Men opp mot det innbyggjarane forlanger svar på, korleis unngå sviande kutt i tilbodet, er kravet om å fjerne leiinga eit lettvint politisk sverdslag. Det er ikkje våre fremste folkevalde i nærleiken av å svare på.