Det er eit verdifullt og viktig engasjement, som set klima på den politiske dagsorden.

Klima har lenge vore eit tema det har vore vanskeleg å skape interesse for, sjølv om det er stor semje om at konsekvensane kan bli katastrofale dersom vi ikkje klarer å redusere dei skadelege utsleppa. Ei 16 år gamal jente frå Sverige viser at eitt enkelt menneske kan gjere ein stor forskjell.

FNs klimapanel la i fjor fram rapport som viser at risikoen for katastrofale konsekvensar kan reduserast dersom vi klarer å stanse den globale oppvarminga på 1,5 gradar, i staden for at den aukar med to gradar. I dag styrer verda mot opp-varming på tre grader. Med auka oppvarming aukar risikoen for ekstremvêr og store øydeleggingar. Skal vi klare å snu utviklinga, betyr det i praksis at verdas klimautslepp må reduserast med 45 prosent innan 2030. Internasjonalt samarbeid er avgjerande, men kvar enkelt av oss må også bidra.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Skal Norge nå dei måla som regjeringa har forplikta seg til å oppfylle, vil det krevje stor innsats på mange ulike område.

Politikarar må ha evne og vilje til å gjennomføre endringar som er viktige for framtidige generasjonar. Barn og unges sterke engasjement for klimaet kan gjere det lettare å få gjennomslag for upopulære tiltak, fordi foreldre og besteforeldre blir utfordra til å ta personleg ansvar.

Dei unge har ei viktige stemme, og det er all grunn til å ta uroa deira på alvor.