Riksrevisjonen er kritisk til oljevernberedskapen i nordområda, og meiner at ansvarlege styresmakter må samarbeide betre for å trygge omsynet til miljøet. Rapporten bør takast på alvor, for sjølv om den langt frå gir totalslakt av verksemda i dei sårbare havområda, er der rom for forbetring.

Det ser også to av departementa som er «offer» for Riksrevisjonen sitt kritiske blikk. Det gjer ikkje olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp). Hans svar på kritikken er ei einaste lang ansvarsfråskriving, motangrep og bortforklaring. Det tyder dessverre ikkje på vilje eller evne til læring.

Sjølvsagt sit ikkje Riksrevisjonen på alle svar, og den kan også ta feil. Mange er kritiske til måten den arbeider på. Enkelte har kritisert Riksrevisjonen for å vere for politisk eller for å blåse opp saker. Til Senterpartiet sitt landsmøte var det også forslag om å vengjeklippe riksrevisoren, men forslaget fall.

Det er no uansett slik at Riksrevisjonen er sett til føre tilsyn med at Stortinget sine vedtak vert etterlevde. Det kan sikkert vere ubehageleg for ein stakkars, hardtarbeidande statsråd å få kritiske spørsmål om det. Likevel gir det lite meining å svare slik olje- og energiministeren gjer.

Kort sagt møter han kritikken med å seie at departementet gjer som Stortinget har sagt, at det er regjeringa som tar avgjerdene – ikkje departementet og at kva regjeringa har vurdert, det har ikkje Riksrevisjonen fullt innsyn i likevel.

Til det første: Det er nettopp det Riksrevisjonen skal undersøkje. Til det andre: Skulle Riksrevisjonen la vere å vere kritisk til departementa si verksemd fordi dei ikkje kan vere til stades på regjeringskonferansane, ville heile denne delen av Riksrevisjonen sin kontrollfunksjon vere meiningslaus. Er det statsråden si meining, får han gå inn for å endre Grunnlova der Riksrevisjonen sitt mandat er forankra.

To av dei kritiserte departementa meiner rapporten frå Riksrevisjonen gir eit godt grunnlag for forbetringar. Det tyder på vilje og evne til læring. Olje- og energiministeren sitt svar tyder ikkje på det. Sjølvsagt har han rett i at norsk olje- og gassutvinning er styrt av strenge reglar og god kontroll, men det betyr ikkje at det ikkje kan gjerast betre. Særleg når oljeverksemda styrer mot stadig meir sårbare område i nord.