Leder

«Mediepolitikken må bidra til auka innovasjon»

Mangfald: Både lokal-, region- og riksaviser er viktige for å sikre eit levande demokrati.  Foto: Foto: Roger Engvik

Gevinsten dette gir i form av engasjerte og opplyste borgarar må aldri undervurderast

Leder

Mediemeldinga frå Kulturdepartementet har utløyst debatt om det er dei minste eller største avisene som har den viktigaste rolla i det norske demokratiet. Faktum er at både små og store aviser fyller svært viktige roller. Den unike floraen av små lokalaviser, mellomstore distriktsaviser, regionaviser og riksaviser som har gjort nordmenn til eit av verdas mest avislesande folk. Gevinsten dette gir i form av engasjerte og opplyste borgarar må aldri undervurderast. 

TV-lisensen avvikles fra nyttår – erstattes av ny finansieringsordning

Dagens kringkastingsavgift blir erstattet med en ny finansieringsordning fra nyttår. Dermed legger NRK ned lisensavdelingen.

 

Det er gledeleg at kulturministeren vil auka støtta til dei minste avisene. Det vil bety mykje for dei lokale fådagarsavisene. Samtidig er det behov for sterke dagsaviser frå heile landet. Bergens Tidende har på leiarplass etterlyst tiltak i mediemeldinga som sikrar at også distrikts- og regionavisene klarer å finansiere journalistikken i framtida, og det gir vi vår fulle støtte til. Desse mediehusa sørger for at regionale tema blir sett på den nasjonale dagsorden, og bidrar med viktige perspektiv i samfunnsdebatten. Mange hadde håpa på at eit mellombels fritak for arbeidsgivaravgift kunne bidra til å sikre sterke redaksjonelle miljø over heile landet. Når det ikkje blir noko av, forventar vi at det vil kome alternative løysingar som sikrar reelt mediemangfald.

Mediemeldinga legg opp til at all mediestøtte skal forvaltast av eit uavhengig råd, som får ansvar for å fordele midlane. Rådet si verksemd skal skje innanfor rammene av eit eige regelverk, og desse reglane er enno ikkje forma ut. Viktige diskusjonar framover blir derfor kva kriterium som skal leggast til grunn for fordelinga av mediestøtte, og korleis dette rådet skal settast saman. Det kan bli eit råd med stor makt over mange arbeidsplassar, og derfor er det vesentleg kva styringssignal som blir gitt.

Eit overordna mål med mediepolitikken må vere å bidra til auka innovasjon og utvikling, slik at både små og store mediehus kjem styrka ut av den digitale omstillinga. Dei gode ideane fins rundt omkring i landet. Dei tøffe tidene er ikkje over, og vi må alle vere budde på endringar. Både lokalt, regionalt og nasjonalt er det behov for grundig, undersøkande journalistikk og truverdig informasjon for å sikre at demokratiet fungerer på alle nivå.