Politiet sin kamp mot nettovergrep mot barn er eit kappløp med den teknologiske utviklinga. Overgriparane får tilgang til stadig meir avanserte metodar og tekniske løysingar for å produsere og utveksle overgrepsmateriale.

Mengda av overgrepsmateriale på nett veks. Mange av overgrepa er svært grove. Ungdom og småbarn vert kynisk utnytta og skadepotensialet er stort. Vi må difor løfte fram diskusjonen om korleis vi kan ruste politiet endå betre til å overvinne slik kriminalitet.

Norsk politi har gjennomført fleire store operasjonar dei seinare åra, og avslørt svært mange som har produsert, lasta ned eller delt slikt overgrepsmateriale. Møre og Romsdal politidistrikt sin operasjon «Jupiter» og Vest politidistrikt sin «Dark room»-operasjon er to døme.

Ei løysing må difor vere å sørge for at politiet vert tilført meir slik kompetanse. Fleire teknologar med IT-kompetanse må inn i politiet, og fleire politiutdanna må få meir IT-kompetanse – både i spesialeiningar og ute i politidistrikta. Samarbeidet på tvers av landegrensene må også styrkast, sidan denne kriminaliteten også kryssar grenser.

Kripos ynskjer også å få endra reglane for lagring av IP-adresser hos internettleverandørane. I dag er regelen at slike adresser skal slettast innan tre veker. Det gjer det vanskeleg for politiet å sikre spor i slike saker.

Personvernomsyn ligg bak denne regelen. Dette kan det vere grunn til å ta ei ny vurdering på i lys av utviklinga. Ein bør vurdere om andre tiltak, slik som domstolskontroll, kan ta vare på personvernet. Omsynet til barna må kome først.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!